• Barnevernet og psykiatrien må ikkje lenger setja borna i båsar som passar hjelpeapparatet. I staden må hjelpeapparatet tilpassast borna sine behov.

125 seminardeltakarar frå Bufetat (statleg), Helse Bergen og kommunalt barnevern innanfor Helse Bergen sitt område fekk reine ord for pengane då dei inviterte professor Pär Nygren til å halda foredrag på Voss.

Seminaret drøfta tverrfagleg samarbeid, men Nygren ville gå meir drastisk til verks: Slå saman heile greia! Hjelpeapparatet må vera fellesfagleg, ikkje berre tverrfagleg, meiner han.

— Dersom kommunegrenser skaper problem, må det kunne lagast interkommunale løysingar, seier Pär Nygren til Bergens Tidende.

Felles fagspråk

Han er likevel mest oppteken av at fagfolka forstår kvarandre. Det må etablerast eit felles språk.

— Innanfor alle fagmiljø veks det fram eigne terminologiar. Ord og omgrep avgjer kva ein ser, og kva ein ikkje ser. Når fleire fagmiljø møtest, har ein lett for å snakka forbi kvarandre, seier Nygren.

— Kva kan det føra til?

— At ungar bli kasteballar i systemet. For fleire år sidan vart det påvist at dei som hadde mest bruk for hjelp, fekk minst, og omvendt. Ingen ville ha ansvaret for dei vanskelegaste. Ungar med mindre vanskar, ville alle ha.

— Korleis kan dette endrast?

— Vi må tilpassa hjelpeapparatet til den trongen ungane har, ikkje tilpassa ungane til hjelpeapparatet, og slusa dei inn i båsar som ikkje alle passar i. I den eine båsen står dei med sosiale problem, i den andre dei med psykiske. Det blir for enkelt. Røyndomen er at mange har innslag av begge delar, seier han.

Tredelt omsorgsomgrep

Nygren hevdar at ein må ta fatt i det tredelte omsorgsomgrepet; behovsomsorg, utviklingsomsorg og oppdragingsomsorg. I staden har hjelpeapparatet stått i stampe og skapt krise fordi fagmiljøa kvar for seg er tett samantvinna, samstundes som problema er komplekse.

Det er andre gongen Nygren talar til hjelpeapparatet i Helse Bergen sitt område. Han seier til Bergens Tidende at ein her er komen lengst i landet med å innsjå at endringar må til. Og han trur det kan gjerast med respekt for det einskilde faget.

Nina Bolstad ved Bufetat, region Vest, Tor Visnes i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Bergen, og Anne-Lise Hornes i det kommunale barnevernet, er alle samde om at det må gjerast grep på tvers av fagmiljøa. Ei fullstendig samanslåing vil dei likevel ikkje ta standpunkt til.

— Ei slik avgjerd må takast på eit høgare nivå enn vårt, seier dei til Bergens Tidende.

Mange involvert

I Helse Bergen sitt geografiske område arbeider vel 900 personar i barnevernet og med psykisk helse. Av desse sorterer vel 400 under Bufetat (av rundt 1000 i heile regionen), 300 under Helse Bergen, og innpå 250 i kommunane.

Bufetat har delt inn Hordaland i sju underområde. To av dei ligg i Helse Fonna sitt område. Dei fem andre er geografisk samanfallande med ei tilsvarande inndeling i Helse Bergen. Men det kommunale barnevernet held seg til kommunegrensene.