JOHN LINDEBOTTEN

PE-skum er eit framifrå materiale til sikring av tunnelar mot frost og vatn, men stoffet brenn svært lett. Bensin i fast form har enkelte kalla dette materialet.

Vegsjef Olav Finne hjå Statens vegvesen, Bergen distrikt, seier til Bergens Tidende at det alt lenge har vore arbeidd med å fjerna PE-skum frå tunnelar i Bergen. M.a. er alt PE-skum fjerna frå Løv-stakktunnelen. Her er PE-skum erstatta av den såkalla Giertsen-duken, ein PVC-belagt polyesterarmert duk som er 0,7 millimeter tjukk. Duken brenn nesten ikkje.

— Vi kjem vel ikkje til å bruka denne duken i så stort omfang, seier Olav Finne. Vegvesenet er redd for at duken i lengda ikkje vil tåla dei store lufttrykkpåkjenningane frå trafikken. Difor er duken helst nytta i tunnelar med liten trafikk. Men Karsten Epland, prosjektleiar for oppgradering av tunnelane i Bergensområdet, stadfestar overfor BT at Giertsenduken er montert på ein del veggflater i Risnes-tunnelen på E16 ved Trengereid.

Teknologidirektør Helen Aa. Riddervold i Statens vegvesen opplyser til avisa Vegen og vi at alt PE-skum innan 2015 anten skal fjernast eller dekkast til med sprøytebetong tilsett polypropylenfiber. Dette skal hindra sprøytebetongen i å sprikka og skalla av ved sterk oppheting under ein brann. Kostnaden på dette ar-beidet er rekna til om lag 500 millionar kroner.