På eit folkemøte på Dalatun i dag vil Fjellkraft AS presentera planane for kraftverket og søknaden om å fråvika Samla Plan for vassdragsutbygging.

I argumentasjonen vert det streka under at Kvamskogen er tett utbygt med hytter, og det går to store kraftliner gjennom området. Det er med andre ord ikkje tale om urørd natur. Fossen er lite synleg for ferdafolk etter omlegginga av riksveg 7 i nye tunnelar, og enda mindre dersom det blir bygt kombinert veg og kraftlinetunnel under Kvamskogen.

På heimesida til Sandven Hotell blir det derimot reklamert for spaserturar på den gamle vegen i Tokagjelet.

Kraftverk i Steinsdalsvassdraget er ikkje med i Samla Plan, men vatn frå ein del av nedbørsfeltet er tenkt overført til Samnanger, noko som vil redusera produksjonen ved eit kraftverk i eige vassdrag med ti prosent.

Gir inntekt

Fjellkraft AS samarbeider med grunneigarane og fallrettshavarane langs vassdraget. Ei utbygging gir inntekter til grunneigarane og skattar og avgifter til Kvam herad. Vatnet vert teke inn på eit punkt i vassdraget, og leia ut att lengre nede, slik at vassføringa nede i Steinsdalen vert uendra.

Det skal byggjast ein terskel ved osen i Longvotno (357 moh) på Kvamskogen, men ingen reguleringsdam. Difor vert heller ikkje vassføringa oppe på Kvamskogen mykje endra, men enkelte flaumar kan unngåast.

Den elektriske krafta må produserast når vêrgudane tillet det, mest under og etter regnskyll, anslagsvis i 3200 av årets 8760 timar. Pårekna årsproduksjon er 84 GWh (tilsvarande 4200 husstandar), fordelt med 50,5 om sommaren og 33,5 om vinteren. Andre kraftverk må bidra meir til vintervarmen.

Ein fjerdedel

Middelsvassføringa i Tokagjelet er rekna til 4900 liter i sekundet frå eit nedbørsfelt på 44 kvadratkilometer. Røyr og vasstunnel med maksimal slukeevne på 10.000 liter i sekundet vil redusera gjennomsnittsvassføringa til vel ein firedel. Når regnet verkeleg pøsar ned, vil fossen likevel brusa.

Vasstunnelen skal etter planen føra vatnet 302 høgdemeter ned til kraftstasjonen inne i fjellet på Neteland, 55 moh. Generatoren får ein effekt på 27 MW.

Utbyggingskostnaden er rekna til 146,4 millionar kroner, tilsvarande 174 øre per kilowattime i årsproduksjon.