TERJE ULVEDAL

Toppleiinga i dei to fylkesadministrasjonane i Sogn og Fjordane hadde tidleg i september sitt første forhandlingsmøte om samanslåing. Dersom forhandlingane fører fram, skal fylkestinget alt i oktober ta stilling til ein førebels søknad om samanslåing. I praksis vil det bli staten som avgjer ein slik søknad.

— Stortinget har opna for forsøksprosjekt med samanslåing av fylkesadministrasjonar. Vi meiner eit så lite og oversiktleg fylke som Sogn og Fjordane bør vere svært godt eigna til eit slik forsøk, seier fylkesrådmann Per Drageset.

Samlokalisere

Til Bergens Tidende seier Drageset at eit av dei elementa som vil bli vurdert, er samlokalisering. I dag er administrasjonen både hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen delt mellom Leikanger og Førde. Tyngda ligg på Leikanger, men fylkesmannens landbruksavdeling og kulturavdelinga i fylkeskommunen er plassert i Førde.

— Ikkje minst i Førde bør det etter mitt syn vere grunnlag for å samle funksjonane, første og fremst for å lage eit sterkare miljø, seier fylkesrådmannen.

Men at den gamle tanken om å flytte heile fylkesadministrasjonen frå Leikanger til Førde kjem til å dukke opp att, har Drageset ikkje tru på.

— Nei, eg tvilar på det. Og det vil i alle fall ikkje bli tatt noko slikt initiativ frå mi side, seier rådmannen som ser store føremoner med ei samling:

— Vi vil få ei dør ut mot folket i fylket. I tillegg kan vi lage sterkare fagmiljø.

Effektivisering

Ei samanslåing kan først skje frå 1. januar 2004.

— Vi har eit stykke å gå. Ikkje minst trengst det grundig drøfting av korleis vi skal handtere kontrollfunksjonen som fylkesmannsembetet har i dag. Eit døme er at Fylkesmannen har kontrollfunksjonar overfor dei vidaregåande skulane som fylkeskommunen eig. Vi kan ikkje stelle oss slik at vi kontrollerer oss sjølve, seier Drageset.

— Korleis stiller det som no skjer i Sogn og Fjordane i forhold til tanken om regionsamarbeid på Vestlandet?

— Eg kan ikkje sjå at ei samling av fylkesadministrasjonane i Sogn og Fjordane skal ha noko å bety for eit utvida samarbeid mellom fylka på Vestlandet.

Drageset legg ikkje skjul på at det vil bli færre stillingar etter ei samanslåing.

— Effektivisering er eit heilt klart mål med denne prosessen. Men i ein så stor organisasjon skal vi klare å ordne stillingsreduksjonar utan oppseiingar.