— Eg trur at vi då kan få ein handterleg region, seier Meltveit Kleppa som sjølv er frå Ryfylke. Ho legg likevel til at ho enno ikkje har tenkt gjennom alle sider ved ei slik samanslåing, for ho vil lytta til det som kjem fram i den vidare prosessen.

Det er først neste år regjeringa vil koma med eit konkret forslag om korleis det regionale kartet skal sjå ut. Fleire framståande senterpartipolitikarar har teke til orde for berre ei handfull regionar, medan andre ønskjer nesten like mange som det er fylke i dag.

Meltveit Kleppa seier at ho har liten sans for tanken om berre fem store regionar, etter mønster av helseregionane, slik dei har vore inndelt.

Vil ribba Fylkesmannen

— Det viktigaste no framover blir å rydda opp i alt «dobbeltarbeidet» på fylkesnivå. Altfor mange saker som gjeld politisk skjønn høyrer i dag inn under Fylkesmannen, og må overførast til folkevalt styring. Det gjeld m.a. saker som gjeld næringsutvikling, miljø og samferdsel, seier ho.

Magnhild Meltveit Kleppa er og lei seg for at Senterpartiet og SV under regjeringsdrøftingane ikkje fekk med seg Ap i ønskjet om å føra sjukehussektoren tilbake til fylkeskommunen, slik det var før.

— Det ferske vedtaket om å slå saman helseregion Sør og helseregion Aust viser at dagens modell ikkje gir god nok styring. Føretaksmodellen skulle aldri ha vore gjennomført, seier ho.

Revestrekar på avstand

Senterpartiets leiar i Stortinget var torsdag i Arna og Meland m.a. «for å fornemma våren», som ho seier. Ho åt først skulefrukost saman med elevar på Garnes vidaregåande skule - og drog etterpå til ordførar og nyomvend senterpartipolitikar Solbjørg Åmdal Sandvik i Meland for å få innblikk i pleie- og omsorgstenestene i kommunen.

Meltveit Kleppa var tydelegvis glad for å få dei rikspolitiske revestrekane på avstand nokre timar.

Det sterke grepet LO har på Arbeidarpartiet, og dermed på regjeringa, har ho liten otte for.

— Vi gjekk inn i regjeringa vel vitande om at det tradisjonelt er eit «spesielt» forhold mellom Ap og LO. Dette har iallfall ikkje plaga meg, sjølv om vi veit at dei drøftar viktige saker i samarbeidskomiteen.

I hendene på LO?

— Tykkjer du ikkje at Jens Stoltenberg lyttar litt for mykje til LO-leiinga?

— Det har eg ikkje lyst til å snakka så mykje om.

— Er du ikkje det minste provosert over at LO var svært aktiv for å få Ap til å motsetja seg storstilt overføring av statlege oppgåver til regionalt nivå, slik vi var vitne til i haust?

— Nei, så enkelt er det ikkje. Det var og er sprikande oppfatningar i fleire parti. Fasiten er ikkje så enkel som at LO dirigerte kva Ap skulle meina om forvaltningsreforma.

Den meldinga regjeringa la fram skal vera grunnlaget for ein reell prosess framover i Stortinget. Ingenting skal vera avgjort på førehand. Skulle det vera eit breitt ønskje frå regjeringspartia i Stortinget om å overføra endå fleire oppgåver, så skal det så visst ikkje stå på Senterpartiet, seier Meltveit Kleppa som eit understatement.

Arne Nilsen