–Problemet kan sjå ut til å vera større enn vi trudde, seier kontorsjef Gro Gaarder ved Kontor for skjenkjesaker i Bergen kommune. Ho siktar særleg til utestadene som driv utan godkjende løyve.

–Vi har ikkje hatt pengar til kontroll av løyve. No er vi nøydd til å finna på noko slik at vi kan gå delar av denne næringa litt etter i saumane, seier ho.

Det var Gaarder som leia storkontrollen som etter planen skulle innom 120 utestader.

–Vi rakk ikkje så mange. Slike aksjonar tar tid, alt etter kva du finn, og i går fann vi litt av kvart. Men dei fleste som blei kontrollerte, hadde heldigvis alt i orden, seier Gaarder.

Aldri før har det vore ein så stor kontroll av urtelivsbransjen i Bergen. Gaarden lovar at det blir fleire.

Distriktssjef i Mattilsynet, Paal Fennell, meiner at alle, gjennom avisene, var varsla om at det ville bli store aksjonar i desember. Han er difor overraska over at ikkje alle hadde førebudd seg på kontroll.

–Det vi ser av juks i restaurantbransjen er etter mi meining eit resultat av ei overetablering. Folk slurvar med vedlikehald og matstell for å klara vera konkurransedyktige. Dei etablerte restaurantane har heldigvis orden på sakene, seier Fennell.