PER MARIFJÆREN

I helga omkom ein italiensk elvepadlar da han vart sitjande fast i kajakken under vatn.

På akkurat same staden og på akkurat same måte miste ein nederlandsk padlar livet i Bøyaelva i fjor sommar. Den aktuelle kulpen er ei potensiell dødsfelle, ettersom elvevatnet går inn under ein bergnabb der padlarar kan bli kilt fast under det strie iskalde brevatnet.

Det viser seg at sjølv svært erfarne elvepadlarar ofte overser denne faren, og resultatet er to dødsulukker på eitt år. No vil ordførar Karen Marie Hjelmeseter i Sogndal ha slutt på dei tragiske turistulukene.

— Kommunen vil anten aleine eller samnan med andre instansar vurdere å setje opp fareskilt, slik at tilreisande padlarar får vite om dei spesielle forholda i elva, seier ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

Også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane signaliserte i går at det er aktuelt med skilting eller andre tiltak for å heve tryggleiken for padlarane i Bøyaelva.

Den 36 år gamle italienske padlaren var saman med fem kameratar da han vart kilt fast under vatn. Mannen sat framleis i kajakken da redningsmannskapa fann han søndag ettermiddag.