• Vi vil sjå etter om det er noko i tunnelplanane på Haukeli som vi kan venta med. Kanskje greier vi å få ned kostnadene, slik at arbeidet kan startast som planlagt.

Det seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp til Bergens Tidende. Han understrekar at dei ikkje har drege nokon konklusjon enno.

Transportørar som køyrer mykje på E 134 over Haukeli er vonbrotne over at arbeidet med å utvida tunnelane til 4,2 meter takhøgd kanskje må venta til neste år. Det einaste anbodet vegvesenet har fått på arbeidet, er på 234 millionar kroner, som er vel 100 millionar meir enn det prosjektet Stortinget har godkjent.

Ifølgje Haugesunds Avis er ein heit entreprenørmarknad og mangel på arbeidskraft ei viktig årsak til den låge interessa for arbeidet i dei tre tunnelane over Haukeli: Røldalstunnelen, Svandalsflonatunnelen og Haukelitunnelen.

— Dersom det ikkje let seg gjera å få ned kostnaden, må vi attende til Stortinget for å be om meir pengar. Teknisk sett kunne vi kanskje ført pengar over frå andre prosjekt. Men Stortinget har fått seg førelagt eit prosjekt med ei bestemt kostnadsramme. Når kostnaden syner seg å gå langt over, må Stortinget få saka attende. Det har med respekt for Stortinget å gjera, seier Ole Chr. Torpp.

I praksis betyr det truleg at Stortinget vert bede om å løyva dei pengane som trengst på statsbudsjettet for 2007. Tunnelarbeida, som skulle ta til 31. juli, vert då utsette.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen bed i ei pressemelding om at arbeida med tunnelane på Haukelivegen vert starta så snart som råd, utan utsetjing.

Stortingsrepresentant Arne Sortevik, Frp, meiner på si side at distriktsvegsjef Arnfinn Ansok i Voss og Hardanger distrikt driv eit spel med sikte på å hindra utvidinga av tunnelane. Sortevik seier til Telemark Arbeiderblad at distriktsvegsjefen må fjernast frå stillinga.