I vår kjem 1500-1600 brukarar ved Støttesenter mot incest i Oslo og Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland til å få eit spørjeskjema i posten. Dei kjem blant anna til å få spørsmål om:

  • traume
  • søvnproblem
  • sjølvskading, angst og depresjon
  • spiseproblematikk

Forskargruppa ved Psykologisk fakultet og Medisinsk fakultet på Universitetet i Bergen ønskjer også å samle inn genprøver neste vår frå brukarar som er blitt utsette for seksuelle overgrep.

Målet er å undersøkje om arvelege komponentar kan forklare korleis ein reagerer på slike traume.

Alle som deltek i forskingsprosjektet vil få eit nytt spørjeskjema i posten annakvart år i ti år framover.

– Ei slik undersøking er viktig for å kunne seie noko om kva type problem denne gruppa har, og korleis problema utviklar seg over tid. Ikkje minst er dette viktig i forhold til behandling og tiltak i framtida, forklarar Ståle Pallesen, prosjektleiar for LISA (Longitudinal investigation of sexual abuse).

Også psykolog Gry Kristin Lia ved Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland seier at behovet for meir forsking er stort. Meir forsking betyr meir kunnskap om korleis ein best kan hjelpe menneske som er blitt utsette for overgrep.

– Å få meir kunnskap og sette temaet på dagsordenen er også viktig for å bryte tabu og gjere det mogleg å snakke om det, seier Lia.