Frp er den argaste konkurrenten til Ap på Stord med 19,6 prosent.

— Det er ei utruleg positiv måling for oss, men eg er skuffa over at Ap ikkje går meir tilbake. Det viser at ordføraren står sterkt som person på Stord, seier Bjelland.

Skule står øvst på prioriteringslista hans.

— Me skal strekkja oss langt for å få bygd Nordbygda ungdomsskule i denne fireårsperioden, seier Bjelland.

Frp frir i kjent stil til dei eldre med planar om fleire eldresenter. Helse-, sosial- og rusomsorg vert også viktige kampsaker.

— Det er store narkotikaproblem på Stord i dag. Førebyggjing blir difor viktig, seier Bjelland, og nemner utekontakt og etablering av eit eige hus der narkomane blir tekne hand om. Frp-leiaren varslar streng budsjettdisiplin og kutt.

— Me ønskjer å omorganisera og slanka politiske og administrative organ. Legg me ned Miljø- og kulturkomiteen og Nærings- og utviklingskomiteen, sparer me to millionar kroner. Det er ikkje noko å lura på ein gong.

Det fungerer i Os, seier Bjelland som gjerne viser til kommunen nord for Bjørnefjorden. Stikkorda er konkurranseutsetjing og interkommunalt samarbeid.

Bjelland har terga på seg kommunetilsette gjennom harde utslag i lokalavisa. Dei blei skulda for dårleg arbeidsmoral med blant anna coladrikking i arbeidstida. Noko han seinare bad om orsaking for.

— Eg er ikkje mindre tøff enn Terje Søviknes. Han kvitta seg med 70 kommunetilsette.

— Det er eit enkelt val for meg. Dersom Stord ikkje får sving på økonomien, må me gjera noko. Det er eit utruleg dårleg signal at Stord bruker minst på skule i Hordaland. Barna er framtida på Stord, sluttar Bjelland.