ARNE HOFSETH

Det har vore skepsis mot at fjorden skal vera eit «naturleg» skilje, slik at Granvin og Ulvik vert utkantar i Voss, medan Eidfjord, Ullensvang og Jondal vert oppslukt av ei utviding av Odda. I striden om Hardangerbrua og Jondalstunnelen vart Folgefonna kommune lansert (Odda, Kvinnherad, Jondal og vestsida av Ullensvang), med resten av Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin som motstykke rundt brua.

I Hardingtinget sitt nye innspel vert også Kvam, den mest folkerike kommunen i Hardanger, trekt inn. Kvinnherad vert ikkje rekna som ein del av Hardanger.

Hardingtinget presiserer at dette berre er eitt av fleire alternativ i debatten om framtidig kommunestruktur i regionen. Men eit samrøystes ting forventar at alle kommunane i Hardanger tek dette alternativet med i dei vidare drøftingane.

Representantane var opptekne av at omgrepet og «merkevaren» Hardanger har svært positiv klang som ikkje må forvitra i en rasjonell og økonomisk samanslåingsprosess. Eit oppsplitta Hardanger er første steg mot nedbygging regionen. Identiteten — å vera harding - er eit av Hardanger sine stekaste band mellom folk. Det historiske fellesgrunnlaget er viktigare enn kulturforskjellane mellom bygdelaga, vart det hevda.