— Me vil krevja erstatning dersom desse luene blir delt ut. Eg synest dette er dårleg gjort, og det blir ikkje betre av at det er Noregs nest største kommune som står bak, seier dagleg leiar Per Christian Justnæs i selskapet Refleksprofil.

Når skulen startar om knappe to veker, vil alle førsteklassingane i Bergen kommune få kvar si lue med påskrifta «Senk farten» i fronten.

I fjor fekk elevane ei lik lue - den gong utforma og levert av Refleksprofil, etter ein konkurranse lyst ut av Bergen kommune.

I år er det eit anna selskap som leverer lua. Utforminga er framleis den same, noko som har fått Justnæs og selskapet hans til å sjå raudt - sidan dei betalte for luedesignen i fjor.

  • Dette er ei prinsippsak. Om me går glipp av ei levering på nokre tusen luer til Bergen kommune, skadar det ikkje oss nemneverdig økonomisk. Mange andre leverandørar har hamna i same situasjon, men vegrar seg for å seia ifrå - av frykt for å ikkje få fleire oppdrag, seier Justnæs.

Registrerte luedesign

Bergen og kommune og Refleksprofil har allereie veksla brev om saka. Lueprodusent Justnæs søkte om å registrera utforminga på lua i mars i år, og fekk søknaden innvilga i juli.

  • Me ville sikra oss at ikkje nokon kopierte designen vår. Det var noko me frykta då me såg kommunen si utlysing av årets lue, der bilete av lua vår var lagt ved. I og med at dei valde vår lue i fjor, rekna me med å levera over fleire år, seier Justnæs.

Selskapet hans har levert ulike produkt til Bergen kommune kvart år sidan 2004, alle gongene etter å ha vunne utlysingar.

  • Ideelt sett skulle me ha sendt søknad til Patentstyret tidlegare, seier lueleverandøren.
  • Var det før eller etter de fekk avslag på lueutlysinga?
  • Det tør eg ikkje seia, men eg synest heller ikkje det er vesentleg. Me hadde søkt uansett.

- Lua blir delt ut

Lua som er stridens kjerne, er ein del av prosjektet «Aksjon skuleveg», opplyser kommunen.

Samferdselsdirektør Atle Kleppe er overbevist om at kommunen ikkje har gjort luemakaren urett.

  • Me la ut tilbod i år, på same vis som i fjor. Refleksprofil var eitt av selskapa som konkurrerte, men fekk ikkje tilbodet. Først då registrerte dei det som varemerke - det er for seint, seier Kleppe.

Han kan garantera at bergenske førsteklassingar kjem til å gå rundt med «Senk farten»-lue om eit par veker.

  • Me har svart han at luene allereie er produsert, og at han protesterer for seint. Så lenge utforminga ikkje er registrert, er det uproblematisk for oss å bruka det. Luene ligg klare på skulane, og dei vil bli delt ut, lovar samferdselsdirektøren.

Dermed ser det ut til at lua kan gå rettens veg - det lovar nemleg lueleverandør Per Christian Justnæs.

  • Eg kan ikkje tenkja meg anna enn at me vil gå til erstatningssøksmål, seier han.