— Ja, for det heiter vel ikkje grasrota i redningsselskapet? spør 38-åringen frå Gulen. Dersom det ekstraordinære landsmøtet i dag vel å følgja innstillinga frå valnemnda kan han snart titulera seg president. Spranget kan verka stort frå plassen som leiar for det lokale sjøredningskorpset i Gulen og Solund og opp til toppen i organisasjonen. Men Lars Hellandsjø burde vera aksla for oppgåva som ryddegut i Redningsselskapet. Han leiar ei industriverksemd som mellom anna knuser strie steinar og handterer farleg avfall.

Hoppa i stolen

Når Bergens Tidende snakkar med Hellandsjø nett etter at innstillinga frå valnemnda er klar, presiserer han at han ikkje tek sigeren på førehand. Han veit at andre presidentnamn framleis svirrar i lufta, men er glad for den støtta han alt har fått til kandidaturet. Først nyttårsaftan vart Hellandsjø kjent med at det var sjølvaste presidentvervet, og ikkje berre eit vanleg styreverv han var tiltenkt.

— Då hoppa eg i stolen. President i Redningsselskapet er kanskje ikkje det ein drøymer mest om å verta, men no har eg vent meg til tanken, fortel Hellandsjø, som til dagleg er administrerande direktør i industrikonsernet Wergeland-Halsvik AS. Han er dessutan styreleiar i Nordhordland Handverk- og Industrilag, som organiserer nærare 200 små og større verksemder i Nordhordland og Gulen.

Redningsselskapet har han fått inn med morsmelka. Faren var kaptein og mora har i alle år vore aktiv i det lokale støttearbeidet for Redningsselskapet.

Eit anna bilete

— Vi som har arbeidd på dette nivået kjenner eit anna redningsselskap enn det som er kome frå i media. Eg ønskjer å bidra til å byggja opp at Redningsselskapet sitt omdøme, seier Hellandsjø.

Med tanke på turbulensen den siste tida, er Hellandsjø klar over at det ikkje er noko liten jobb han kan koma til å enda opp med.

— Spesielt vert det viktig å få styret i gang slik at arbeidet med å finna ein ny generalsekretær raskt kan ta til, seier Hellandsjø. Han vil ikkje røpa nokon namn for Bergens Tidende, men innrømmer at han har tankar om kven som kan høva for stillinga.

— Det må vera ein person med høg integritet, som ikkje er omdiskutert.

Trebarnsfaren seier til BT at han ikkje kjem til å liggja svevnlaus og tenkja på utfallet av dagens landsmøte. Då er han meir uroa for temperaturen i Fensfjorden før fredagskveldens faste symjetur.

— Eg bør vel kan henda sikra meg med redningsvest nett i kveld.

Står framleis ope

Knut Miland er Hordaland sin delegat på det ekstraordinære landsmøtet, og han stiller seg ikkje automatisk bak Lars Hellandsjø sitt kandidatur.

– Det står framleis ope. Andre forslag er komne på bordet, og dei skal landsmøtet diskutera no i kveld, sa Miland til BT i går. Shippingmillionær Atle Bergshaven og Gunnar Knudsen, sistnemnde sit i det avtroppande styret, er blant dei aktuelle kandidatane som kan koma opp som benkeforlag under landsmøtet.

TAKKSAM FOR TILLITEN: Lars Hellandsjø får endå meir å hengja fingrane i dersom han vert ny president i Redningsselskapet. I Gulen leiar han eit konsern med 130 tilsette. Dei siste åra har han leia Gulen og Solundsjøredningskorps, og han tek vakter på redningsskøyta RS «Utvær» ARKIVFOTO: ANNIKEN MJAALAND