— Eg er budd på at dette kjem det til å bli bråk om, seier Førde-rådmann Ole John Østenstad. Kor høgt støynivået blir, vil det kome ein indikasjon på alt komande tysdag. Då kjem tilrådinga fram for formannskapet.

Taksten på bygget er no klar, og Førde kommune får i overkant av 10 millionar kroner frå forsikringsselskapet. Men kommunen vil heller bruke desse millionane på riving og nybygg, enn å byggje opp att det særmerkte skulebygget.

Meir funksjonell

Den gamle skulen ligg like ved resten av Førde barneskule, og blei brukt til undervisning. Området skulen ligg i, er den delen av sentrum som framleis har eit visst preg av Førde slik det var før den storstila oppbygginga av fylkessenteret i Sogn og Fjordane tok til på 60-talet. Alt rett etter brannen tok debatten til å gå om kva som skulle gjerast, og sterke krefter har tatt til orde for å gjenreise bygget.

— Vi meiner vi vil få ein meir funksjonell og betre skule gjennom eit nybygg, seier Østenstad til Bergens Tidende.

Alternativet med oppattbygging meiner kommuneadministrasjonen er det dårlegaste. Heile Førde barneskule er i ferd med å bli rehabilitert, og kommunen meiner skulen ikkje vil få løyst opprustinga gjennom eit slikt bygg. Det vil også knyte seg stor usikkerheit rundt framtidig innemiljø.

Den brannherja skulen er fram gjennom åra blitt påbygt ei rekkje gonger. Dersom gjenoppbygging skal vurderast, bør det heller gjerast slik at bygget får den form det hadde då det blei ført opp i 1894, i praksis eit bygg i ein etasje.

Foreldra for nybygg

— Vi har vurdert både økonomi, skulefaglege argument og det kulturhistoriske. Vår konklusjon er at riving og nybygg er det beste alternativet, seier rådmannen.

Han meiner det er heilt ope om korleis det vil gå med saka, som det knyter seg sterke kjensler til. Men ein indikasjon kom likevel torsdag kveld, då foreldreutvalet ved Førde barneskule med 12 mot ei stemme gjekk inn for riving og nybygg.

— Det var eit overraskande klart råd, seier rådmann Østenstad.

Det var 20. november i fjor at det tok til å brenne i det 109 år gamle trebygget. Ingen personar blei skadde, men meir enn 30 elevar og lærarar som hadde forming eller var på skulefritidsordning, måtte rømme ut i all hast då brannen tok til. Etterforskinga konkluderte med at det måtte vere tekniske årsaker til brannen, sjølv om det også blei avdekka at skulen same dag var blitt forsøkt påtent. Men brannstiftingsforsøket med toalettpapir ved ein vegg på utsida var mislukka. Nokre timar seinare starta brannen i toppetasjen på bygget.

MOT RIVING: Den gamle barneskulen i Førde har truleg sett sine siste dagar. Rådmannen vil rive bygget som har stått utan å bli tildekka sidan brannen i november.

ODDLEIV APNESETH (foto)