— Alle er samde om at Voss treng dette kulturtilbodet, men nokon må ta eit initiativ for å få det til, seier Mossefinn til Bergens Tidende.

Sidan ingen andre har meldt seg, kjenner han ansvar for å stilla seg i brodden sjølv. Det var han som fekk etablert kulturhuset på 1990-talet, og han har stått i brodden for drifta fram til Voss Veksel- og Landmandsbank sette foten ned etter jazzfestivalen i år.

Som meldt i gårsdagens BT har styret for Fraktgodsen meldt oppbod og levert buet til konkurshandsaming i Nordhordland tingrett. Vekselbanken er panthavar og største kreditor, og får avgjerande innverknad på Fraktgodsen si framtid.

Stort tomrom

Sidan opninga av Fraktgodsen i 1998 har Voss hatt varierte kulturtilbod som ingen bygder i same storleik har kunna oppvisa maken til. Kontaktnettet rundt Vossa Jazz sytte for at dei fleste turnerande artistane la inn ein stopp på Voss. Dessutan har lokale krefter, amatørar som profesjonelle, boltra seg på scenen.

I haust har det vore nesten heilt daudt.

— Eg har snakka med mange brukarar av kulturhuset, som jazzklubben, bluesklubben, Osafestivalen, Ekstremsportveko og dei som har stått i brodden for ulike revyar. Alle er med, seier Mossefinn.

— Er det aktuelt å kjøpa huset?

— Det er ei løysing. Så sant prisen vert overkomeleg. Men det mest realistiske er å utarbeida eit driftsopplegg.

— Med deg som sjef?

— Ikkje nødvendigvis. No er eg berre oppteken av at Fraktgodsen vert kulturhus att, og ikkje ein lagerbygning, til dømes.

— Kan det bli eit partslag som i Voss Idrettshall, der idrettslaga er eigarar?

— Eller eit aksjeselskap. Kva som er beste selskapsforma er eit av dei første spørsmåla som må avklårast.

Kommunen er med

Voss kommune kan tenka seg å yta årlege driftstilskot til kulturaktivitetar i Fraktgodsen, men vil ikkje kjøpa huset.

— Eit slikt prosjekt må vegast opp mot andre kommunale oppgåver. Vi har tunge oppgåver både i skule- og omsorgssektoren i gang, seier ordførar Bjørn Christensen.

Dessutan kan skjenkeretten vera eit problem på kommunal eigedom.

— Kjem Fraktgodsen i konkurranse med kulturhuset som kommunen vil reisa nedanfor jernbanestasjonen?

— Slett ikkje. Her blir det først og fremst bibliotek og nokre kommunale kontor. Strekk økonomien til, kjem og mindre salar til kulturskule og digitalkino i tillegg. Difor ser vi positivt på at aktiviteten i den langt større salen i Fraktgodsen kjem i gang att.

— Med snarveg under jernbanelinene mellom dei to kulturhusa?

— Det seier seg sjølv. Når Jernbaneverket no bil bygga tunnel under plattformene på Voss stasjon, må publikum kunne bruka denne vegen til og frå Fraktgodsen også, seier ordføraren.

Jazzfestival i rute

Med det økonomiske problembarnet Fraktgodsen «parkert» i Nordhordland tingrett, kan Magne J. Kalstad (tidlegare BT-direktør) og dei andre i styret for Vossa Jazz konsentrera seg om jazzfestivalen 2007. I samsvar med tradisjonen skal den avviklast rett før påske, med Palmesundag som avslutningsdag.

Dagleg leiar Pål Gjersum opplyser at arbeidet med programmet er i godt gjenge.

Enkelte artistar er skeptiske fordi honoraret sat langt inne då økonomiproblema tårna seg opp etter årets festival, men rikeleg mange er positive. Dette skal difor ikkje vera til hinder for eit fullgodt festivalprogram til våren.

KONKURS KULTURHUS: Kulturhuset Fraktgodsen på Voss jernbanestasjon har slått seg konkurs. Driftsselskapet er heileigd av Vossa Jazz, den frivillige organisasjonen som har skipa til vinterleg jazzfestival på Voss i 33 år.

FOTO: RUNE SÆVIG

TEK INITIATIV: Tidlegare Vossa Jazz-general Lars Mossefinn syner ansvar for «babyen» sin.

ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH

Fraktgodsen

Bergens Tidende
Sævig, Rune