PER MARIFJÆREN

Inntil førre søndag var ikkje riksveg 55 gjennom den stupbratte Kjøsnesfjorden i Jølster blant vegstrekningane Statens vegvesen Region vest ville prioritere å sikre. Dette trass i at fleire fatale rasulykker har skjedd nettopp her.

Men etter dramaet sist helg har pipa fått ein annan lyd.

Nye prioriteringar

I perioden 1006 til 1009 har Vegvesenet fått i alt 430 millionar kroner til rassikring i Region vest, som forutan Sogn og Fjordane også omfattar Hordaland og Rogaland.

Spørsmålet blir no om denne løyvinga kan blir auka etter dramatikken i haust.

Likevel skal Vegvesenet prioritere kva strekningar som bør rassikrast, og her har riksveg 5 i Kjøsnesfjorden så langt ikkje nådd opp. Men no blir det altså endringar.

— Vi er ikkje heilt i mål med den nye lista, men det er klart at vi kjem til å prioritere opp Kjøsnesfjorden, seier senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

Når samferdsleminister Torild Skogsholm kjem på synfaringsturne til rasfylket i morgon, vil ho bli tatt med til både Kjøsnesfjorden og til Stedjebergen og Fatlaberget på riksveg 55 i Sogn.

Tunnel - ein halv milliard

I møtet med samferdsleministeren vil vegvesenet legge fram si nye prioriteringsliste.

Med på turen blir også Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal, som i brevs form har stilt samferdsleministeren eit ultimatum. Dvergsdal krev at det anten blir betre rassikring langs Kjøsnesfjorden, eller at vegen blir stengd på farlege dagar.

Det er til slutt Stortinget som avgjer kvar pengane til rassikring skal settast inn.

— Skal Kjøsnesfjorden sikrast hundre prosent mot ras, snakkar vi om ein tunnel på ei mil, og prisen blir i så fall rundt 500 millionar kroner. Eller vi kan halde fram med dei mindre terrengtiltaka vi har starta med, så som oppsamlingsmagasin for ras, ledevollar og betongoverbygg. Da snakkar vi om tiltak som startar på mindre enn ti millionar kroner, seier Kvåle.

Lånefjorden ikkje med

Vegvesenet har no starta ryddearbeidet etter dei i alt 13 jord- og steinrasa som gjekk i Kjøsnesfjorden, eit arbeid som vil pågå i fleire veker framover.

Dei store mengdene med masse som skal flyttast vil blant anna bli brukt til å lage ein ny sikringsvoll inst i Kjøsnesfjorden, ved avkjøringa til Søgnesand.

Dette er rasmassar som likevel måtte flyttast, og som no blir lagt på ein slik måte at dei kan verne mot nye ras.

Lånefjorden, staden der den einaste dødsulykka under ras-dramatikken førre helg skjedde, er korkje å finne på samferdsleministerens reiseplan eller på Vegvesenets prioriteringsliste.

— Sjølv om den mest tragiske ulykks skjedde der, så har ikkje Lånefjorden hatt på langt nær så mange ras og heller ikkje det fokus som dei strekningane vi vil prioritere, seier Kvåle.