Forutan å gjere togtrafikken tryggare, er siktemålet å kunne auke farten og dermed redusere reisetida noko. Ein ventar også betre driftsstabilitet.

Rastadlia (seks millionar) ved Mjølfjell aust for Voss og Kleven (fem millionar) mellom Myrdal og Hallingskeid, vil bli omfatta av tiltaka. På Flåmsbana er det eit område ved Kårdal og ved Blomhelle som skal utbetrast for til saman seks millionar.

— Jernbane og annan kollektivtransport har vore prioritert av Venstre og Regjeringa i heile denne perioden. Vi er svært nøgde med at vi har fått 17 nye millionar til desse tiltaka i revidert nasjonalbudsjett, seier Venstre-leiar, Lars Sponheim, til Bergens Tidende.

Ifølgje Regjeringa er realinvesteringane i jernbane auka med over 50 prosent i regjeringsperioden medan dei samla jarnbaneløyvingane er auka med 20 prosent.