Fjord Tours AS, operatøren som har sognesuksessen «Norway in a nutshell» på programmet, er med på laget og har komponert nye rundturar til Hardangerfjorden.

Nok til begge fjordane

— Så lenge det er vekst i turiststraumen til Vestlandet gjennom innfallsporten Bergen, kan det skapast ny trafikk i Hardanger utan stor nedgang i Sogn. Og totalen gir oss eit pluss, seier Thomas Mæhlen i Fjord Tours.

Fleire rundturar er alt komne med i ei fersk brosjyre, og meir kjem. Først må meir logistikk på plass, bussar og båtar må korrespondera betre.

— Sogn og Fjordane har lenge hatt eit velorganisert opplegg å tilby turistar som vil oppleva fjordane. Noko tilsvarande har vi mangla for Hardangerfjorden, seier Helge Møller.

Han er prosjektleiar, der 3,3 av 4,6 millionar prosjektkroner er kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift, kanalisert gjennom Hordaland fylkeskommune. Tidsramma er ut sesongen 2009.

Kraftigare skuldrer

I prosjektet har dei sju Hardangerkommunane gått saman med sunnhordlandskommunen Kvinnherad. Eit hovudpoeng er å utvida sommarsesongen. Prosjektet har fått ein lovande start.

— Resultata for første sesong er svært oppmuntrande, seier prosjektleiar Helge Møller, og viser primært til ekspressbåtrutene.

Det mangla ørlite grann på å nå målet om fem prosent auke på overnattingane, men Møller legg vekt på det positive i at «skuldersesongane» fekk ein fin auke, åtte prosent i Hardanger og heile 42 prosent i Kvinnherad, der utgangspunktet var lågare.

Fjordvertar og tapas

Turistbåtruta går frå Norheimsund til Eidfjord og Ulvik med stogg på Utne, Lofthus og i Kinsarvik undervegs.

Både denne ruta og den nye har hatt to «fjordvertar» om bord. Dei gir seg i prat med turistar og informerer om interessante ting undervegs. Dei som ikkje er interessert, får vera i fred, og lokalkjende reisande slepp å høyra «gnål» over høgtalaren. Fjordvertane er også med organiserte på utferder i land, til stader som Baroniet i Rosendal og frå Eidfjord til Vøringsfossen.

Prosjektet har også fått Hardangermeny med på laget, og kan tilby Hardangertapas og annan lokal mat undervegs.