JØRN-ARNE TOMASGARD

Opplæringsutvalet er positivt til søknaden om golfgymnas, og rår samrøystes Fylkesutvalet til å gå inn for at saka vert nærmare utgreidd. Fylkesutvalet skal ta stilling til golfgymnaset på møtet i dag.

Ordførar Jorunn Skåden (Ap) i Sveio fortel at kommunen har jobba med søknaden i tre år.

— Ideen kom gjennom golfklubben, seier ho, og fortel at dei ser for seg ein klasse med omkring 20 golfspelande elevar.

Den kommunalt eigde golfbanen ligg midt i Sveio sentrum. Kommunen er no i ferd med å utvide frå ni til 18 hol.

— Det er mildt i Sveio. I fjor spelte vi golf heile året, seier ordføraren. Sjølv svingar ho golfkølla minst like flittig som ordførarklubba.

Sveio kommune har planar om å utvikle golflinja til også å omfatte pleie av plenen, såkalla «greenkeeping». Til dette ser dei for seg eit samarbeid med Hjeltnes gartnarskule i Ulvik. Det vil i så fall bli eit tilbod på fagskulenivå.

Skåden ser for seg at golfgymnaset kan bli eit tilbod til den store ungdomsgruppa i golfklubben i kommunen, men også at linja kan trekkje elevar frå heile fylket.

Ordføraren innser at fylkeskommunen kan kome til å gå inn for at golflinja skal leggjast under Stord vidaregåande skule, og at berre praksisen vil vere i Sveio.