Anne Grethe Furrevik, som eig hytteutleigeselskapet, vil marknadsføre ferieopphald med revejakt.

— Om eit par menneske skal gå på jakt, så kjem ikkje det til å hjelpe mykje. Men på denne måten kan vi kanskje både få fleire turistar hit og samstundes bli kvitt reveplaga, seier Furrevik.

Ho ser ikkje noko problem med å tilby og leggje til rette for jakt på eit dyr ho meiner ikkje høyrer heime i Solund. Til Bergens Tidende seier Furrevik at ho alt har snakka med fylkesmannen i Sogn og Fjordane om idéen.

Furrevik som i tillegg til utleigehytter også driv gardsbruk med sau, likar situasjonen lite.

— I fjor hadde eg store tap på grunn av ørna. Så langt har vi ikkje hatt problem med svartreven i vår del av kommunen. Men skal vi få den i tillegg til ørna, blir det veldig vanskeleg å halde fram med sauehald.