Den legendariske vanekriminelle sogndølen Gjest Baardsen (1791-1849) hadde eit kortvarig opphald også i kasjotten på Halsnøy Kloster — inntil han rømde ved å grava seg ut under døra.

No vil Sunnhordland museum gjera fangenskapet til ein historisk tilleggsattraksjon på middelalderklosteret. Museet har søkt Justisdepartementet om midlar til å restaurera ruinane av det gamle fengselet.

— Fengselsruinen er frå tida etter reformasjonen, og er dermed ikkje automatisk freda som resten av klosteret. I dag ligg fengselet nedgrodd og er lite «leseleg» for besøkjande, seier Jane Jünger, dagleg leiar ved Sunnhordland museum.

Formidla historien

Halsnøy Kloster fyller 850 år neste år. Ruinane av augustinarklosteret grunnlagt av Erling Skakke i 1163 gjennomgår for tida ei omfattande restaurering med midlar frå Riksantikvaren.

For dei noko yngre fengselsruinane sin del ønskjer Jane Jünger at Justisdepartementet vurderer det i samband med landsverneplanen for justissektoren sine kulturhistoriske bygningar.

— Vi håpar å få formidla historien om Gjest Baardsen betre til besøkjande på klosteret, seier Jünger.

Fangecella på Halsnøy er rekna som Sunnhordlands første kretsfengsel. Gjest Baardsen blei plassert der 16. august 1814 etter nokre innbrotsraid på gardar i Kvinnherad, Strandebarm og Fusa. Berre tre veker seinare var han ein fri mann att. Han gravde seg ut under fengselsdøra. Flukta førte til at futen på Stord gav arrestforvaltaren bot for manglande vakthald.

Gjest Baardsen nemner opphaldet på Halsnøy i sjølvbiografien «Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnedsløb», som kom ut i 1835.

Rømte 57 gonger

Røminga frå Halsnøy Kloster var berre eitt av i alt 57 vellukka fluktforsøk han fekk på rullebladet, ifølgje Gjest Baardsen sjølv.

Baardsen skreiv at ein ulukkeleg kjærleikshistorie i 20-årsalderen var det som førte han inn på ein kriminell løpebane. Han opererte under meir enn 20 ulike identitetar, han skal i løpet av 20 år ha blitt arrestert 59 gonger, og sat i alt 31 år bak murane.

I 1827 blei han dømt til livsvarig straffearbeid og plassert på Akershus festning. Fire år før han døydde i Bergen i 1849, blei Baardsen benåda ved kongeleg resolusjon, med ordre om å halda seg unna dei tre største byane i tre år.

Han busette seg i Sogndal, og brukte dei siste leveåra til blant anna å reisa rundt som bokseljar. Gjest Baardsen blei gravlagt på Assistentkirkegården i Bergen. I 2001 blei det reist ein omdiskutert statue av han i Sogndal.