— Vi har kjempa i halvtanna år for at økologisk landbruk framleis skal vere ei eiga studieretning, utan å få gjennomslag. Det som skjer no er eit kjempestort paradoks i forhold til at den sitjande regjeringa har sett seg som mål å få auka den økologiske produksjonen av mat, seier rektor ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, Sjur Hermann Rørlien.

Skulen i Aurland har landsline i økologisk jordbruk, både vidaregåande kurs I og II. Dette er den einaste staden i landet ein kan få ei reindyrka økologisk landbruksutdanning. I tillegg til å ha kring 40 elevar kvart år, driv skulen også omfattande kursverksemd innan økologi og småskala landbruksproduksjon.

Blir usynleg

Det er utvalet som arbeider med ny struktur for vidaregåande opplæring i naturbruk, som ikkje ønskjer at økologisk landbruk skal vere eigen studieretning, eller programområde som det no skal heite. All agronomutdanning blir slått saman til eitt programområde. Arbeidet med ny struktur er ein del av Kunnskapsløftet.

Dersom dette blir gjennomført, vil det ikkje lenger vere råd å søkje på økologisk landbruk med tilrettelagt pensumliste og timeplan som eiga utdanning. Kritikarane meiner framlegget vil føre til ei usynleggjering av økologisk landbruk i det vidaregåande skulesystemet. Dersom målet om at ein større del av matproduksjonen skal skje økologisk skal bli nådd, må det utdannast økologiske bønder. Framlegget til naturbruksopplæring går motsett veg, på den måten at merksemda kring økologi vil bli sterkt svekt.

Stor jobb

Rørlien seier skulen i Aurland har fått klarsignal til at dei kan lage sin eigen læreplan og få denne godkjend.

— Sjølv om dette også fører til meirarbeid, skal vi greie den biten. Det som kjem til å bli den verkeleg vanskelege og store jobben, vil vere å marknadsføre oss mot ungdommen. Etter mitt syn bør det ikkje vere nokon jobb enkeltskular skal gjere.

Ved skulen i Aurland fryktar dei at «anonymiseringa» av den toårige utdanninga i økologisk jordbruk skal føre til så få studentar, at det kan setje drifta av heile skulen i fare. Jord- og hagebruksskulen i Aurland har etter at dei fekk landslinestatus, spesialisert seg på økologisk landbruk. Dei to klassane er basisen for heile drifta av skulen.

Ved jord- og hagebruksskulen håpar dei no ei strategigruppe, som skal kome med si innstilling seinare i november, endrar strukturen slik at økologisk landbruk kan kome tilbake som eige programområde.

ARNE VEUM, AURLENDINGEN