Fleirtalet i komiteen meiner det er ei nasjonal oppgåve å sikra denne kulturhistoriske linja, skriv Fylkeskommunen i ei pressemelding.

"Difor må det arbeidast for å finna finansieringsordningar med moglege samarbeidspartnarar som departement, Nordisk Råd, Aetat, Jondal kommune og andre aktuelle fylkeskommunar", heiter det i tilrådinga.

Leigeavtalen med Jondal kommune skal reforhandlast og byggjearbeida på nybygg vert utsett inntil vidare.

Tilbodet har vorte annonsert på ulike måtar, men søknaden har ikkje teke seg særleg opp. Det er berre ein primærsøkjarar til kurset frå Hordaland. I tillegg er det ein søkjar frå Hedmark og to søkjarar frå Rogaland.

Trebåtbyggjarlinja held i dag til i to bygningar som fylkeskommunen leiger av Jondal kommune. For å tilfredsstille krav til arbeidsmiljø, er det behov for eit nybygg i tillegg til ei viss standardheving av dei eksisterande bygga. Dette er kostnadsrekna til 4 millionar kroner. Leigeprisen er sett til kr 763 000 for dei første åra. Dette er kr 400 000 meir enn fylkeskommunen betalar i dag.