Gunn Wenche Reigstad bur nær den avdøde 60-åringen og driv restaurant og bar på Sæbøvik. Natt til måndag hadde ho ei privat samling der 60-åringen var invitert.

– Det var noko med han den kvelden. Han såg trist ut. Då eg høyrde han var død, trudde eg det var eit sjølvmord. At han er drepen er heilt uforståeleg for oss, seier Reigstad.

Ho kjende han som ein snill og raus mann som gjerne spanderte på venner. Ho kan ikkje forstå at han hadde fiendar.

Det kan heller ikkje sambuaren Harald Irgens. Det var bursdagen hans som vart feira natt til måndag.

– Han gav meg to antikvitetar i bursdagsgåve. Me vil æra minnet hans ved å henga dei opp på arbeidsplassen vår, seier Harald Irgens.

Begge to gler seg til Halsnøy får fastlandssamband og undersjøisk tunnel. I dag går nemleg jungeltelegrafen kvar gong det er politi på øya med kring 2000 innbyggjarar.

– Me synest politiet gjer ein god jobb, men alle veit når dei kjem med ferja. Det skal bli betre med fastlandssamband. Då kan politiet lettare komma bort hit.

Med alt som har skjedd dei siste dagane er det ikkje fritt for at dei er litt redde.

– Her låser ikkje folk bilar eller hus. Det må me byrja med no, seier Reigstad.

«TRAGISK»: ¿ Mest av alt tenkjer me på han som blei frårøva livet. Redsla og smerta han må ha opplevd. Det er tragisk, seier Gunn Wenche Reigstad. Siste gang ho såg den avdøde 60-åringen var natt til måndag på ei privat bursdagsfeiring.
Lena Vermedal