I Fjell kommune legg dei no planer for ei fødestove. Det er ei gruppe som arbeider med å planleggja eit nytt minisjukehus og rehabiliteringssenter med 40 sengeplassar som har ideen.

Dei kommunale planleggjarane ønskjer å avlasta Kvinneklinikken i Bergen med å etablera ei bynær jordmorstyrt fødestue på Straume.

Fødestova skal ta i mot de friskaste fødande frå Sund, Fjell, Øygarden og Askøy. Gruppa vonar at kommunane kan gi hjelp til finansieringa av fødetilbodet gjennom midlar staten stiller til rådvelde.

Framtidsdraum

Fødestova har støtte frå rådmann Steinar Nesse og spesialrådgjevar Svein Fjelland. Dei to har fått positive tilbakemeldingar frå leiinga i Helse Bergen om prosjektet.

Årleg føder kvinner i dei fire kommunane vest for Bergen 800 barn. Flesteparten av dei kjem til verda på Kvinneklinikken.

Les også:

Fleire planar om lokalsjukehus

Lite pengar til Hordaland

Truleg vil det vera behov for to til tre fødestover med inntil ti barselplassar i ei slik framtidig fødestove på Straume.

Bynært

— Mange synest nok det vil vera fint å føda på ei lita fødestove i nærleiken av heimen sin, seier Tonje Hagenes.

BT treffer henne på helsestasjonen på Straume. Dit kjem ho i lag med den seks veker gamle sonen sin, Olav. Han vart født på Kvinneklinikken 17. februar. Dei to kjem for å ha barselsamtale med jordmor.

Det var komplikasjonar då Olav kom til verda. Difor ville det neppe vore aktuelt for Hagenes å føda på Straume om det hadde vore fødestove der.

Men ho ville likevel kunne nyta godt av andre delar av samarbeidsprosjektet som Fjell kommune ønskjer å utvikla, og som vert kalla Jordmor Heim-prosjektet.

«Fastjordmor»

Planen er at jordmødrer tilsett i kommunen skal følgja kvinnene tett både gjennom svangerskap og fødsel, nesten som ei «fastjordmor». Mellom anna skal jordmor i visse høve kunne vera med kvinna på Kvinneklinikken og ta i mot barnet. Det er også meininga at kommunens jordmødrer skal stå for oppfølginga i barseltida. Slik kan barselkvinnene frå Fjell sleppa å reisa attende til Kvinneklinikken for å ta «Føllings prøve».

— Det var slitsamt å måtte reisa inn att til Kvinneklinikken berre to dagar etter at eg kom heim. Eg kunne godt tenkt meg å få teke prøven og fått oppfølging av ei jordmor eg alt kjende her ute, seier Hagenes.

Gruppa som arbeider med planane for fødestova på Straume har ikkje kome så langt at dei kan leggja fram ein konkret kostnads- eller tidsplan for gjennomføringa.

Populært i Oslo

  • Dei tradisjonelle fødestovene i Noreg ligg i område kor det er svært langt å reisa til sjukehus for dei fødande. Hos oss er det motsett. Frå Straume er det berre 15 minutt med ambulanse til Haukeland. Skulle noko ekstra koma på, går det raskt å overføra pasienten til sjukehus, seier jordmor Verpe Nordvik.

Ho peikar på at det er etablert eit liknande fødetilbod i Oslo i det gamle Rikshospitalet.

  • Den jordmorstyrte fødestova Føderiket har på kort tid blitt utruleg populær. Det trur eg også ei fødestove på Sotra vil bli.

Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad, seier at leiinga i helseføretaket er positiv til forslaget. Men ho understrekar at forslaget enno ikkje er diskutert i fagmiljøa på Haukeland.

Vil du heller føda på Sotra enn på KK? Sei di meining!

Ørjan Deisz