• Regjeringa må umiddelbart oppheve fiskekvoten for turistar, seier stortingsrepresentant Torbjørn Hansen (H).

Hansen reagerer kraftig på opplysningane som kom fram i gårsdagens BT: Fiskeri— og kystminister Helga Pedersen (Ap) rådførte seg ikkje med nokon utanfor departementet, før ho 16. mai innførte ei kvote på 15 kilo fisk for turistar.

— Det er utruleg at to statsråder frå Nord-Norge, og frå same parti, ikkje klarar å ha ein dialog om dette temaet. Etter mi meining er dette amatørskap, seier Hansen.

Han viser til at næringsminister Odd Eriksen (Ap, frå Nordland) har gjort fleire framstøt, mellom anna til NHO, for å få til eit krafttak for turistnæringa.

Skeptisk til kvotar

— Det er meiningslaust at ein sektorstatsråd for fisk går ut lagar så store problem for reiselivsnæringa utan at næringsministeren er spurt. Det er ingen tvil om skaden av dette er mykje større enn den potensielle nytten for fiskeria i form av auka ressurstilgang, seier Hansen.

Han krev at regjeringa grip inn og opphevar vedtaket, før det får alvorlege konsekvensar for turistnæringa.

— Dette her er ein elendig distriktspolitikk. Det finst knapt ein meir verdiskapande måte å utnytte fiskeressursane på enn å la turistane fiske fisken og ta den med seg til utlandet, seier han.

Den førre regjeringa vurderte òg å innføre ei kvote på 25 kilo, men gjorde det ikkje. Hansen meiner det var rett.

— I utgangspunktet er eg skeptisk til å lage ein turistkvote. Men det er klart at det er interessant å få god informasjon om korleis turistfisket påverkar ressurssituasjonen, seier Hansen.

172 kroner kiloen

I tillegg til å fjerne kvoten med ein gong, bør regjeringa òg fortelje det til dei viktigaste turistlanda, meiner Hansen.

— Kvotane blir no omtalt i internasjonale reiselivsmedium, og folk som reiser for å fiske vurdere nok andre reisemål neste år. Følgjene kan bli alvorleg for veldig mange reiselivsbedrifter langs kysten, seier han.

Norges Fiskerihøgskule og Universitetet i Tromsø rekna for fire år sidan ut at utanlandske fisketuristar fiskar om lag 13.400 tonn fisk og legg att 2,3 milliardar kroner årleg på reise og opphald i Noreg. Det betyr at turistane betalar 172 kroner kiloen for fisken dei sjølve fiskar.