Vil la rømt laks koste

Fritidsfiskarane krev at oppdrettarane betaler for oppfisking av rømt laks. Hardanger Villfisklag vil la eit beredskapskorps stå for gjenfangsten.

Les også:

- Nye rømmingar denne veka forsterkar kravet om erstatningsansvar for oppdrettsnæringa, seier leiar i Hardanger Villfisklag, Sven Helge Pedersen. Villfisklaget er ein paraplyorganisasjon for grunneigarar og fritidsfiskarar i Hardanger.

Saman med Norges Jeger og Fiskerforbund i Hordaland krev Villfisklaget at Fiskeridepartement pålegg oppdrettsnæring å betale for fangst av rømt fisk.

I dag er slikt gjenfiske basert på frivillig innsats og dugnad. Det monnar ikkje, meiner Pedersen.

Beredskapskorps
Pedersen seier oppdrettsfisk både kan fangast av fiskarar i sjøen og av dykkarar i elvane når fisken har gått opp for å gyte.

Pedersen vil bygge opp eit beredskapskorps som disponere folk, utstyr og kompetanse for å få oppdrettsfisken ut av økosystemet. Men det må pengar til for å få ein effektiv innsats.

- Du får ikkje folk til å stå på i årevis når du ser at den eine parten held fram med å forureine utan at det får fylgjer.

Løysinga er, meiner Pedersen, å pålegge oppdrettsnæringa eit kollektivt ansvar for å betale for gjenfangsten av rømt fisk.

- Garantiordninga bør vere ei kollektiv ordning, der ein til dømes betalar ein fast sum per kilo omsett fisk til eit fond, inntil ein har nådd ein viss storleik. Storleiken på fondet bør bli bestemt utifrå kostnaden ved å etablere, vedlikehalde og ta i bruk nok ressursar til å få gjort ei forsvarleg opprydding, seier Pedersen.

Hamna full av storlaks
Måndag vart det oppdaga ei stor røming i Florø. Fiskeridirektoratet fekk melding om mykje fisk i indre hamnebasseng.

I går stadfesta Ole Johan Eilertsen i lakseslakteriet Slakteriet at laksen har rømt frå hans anlegg. 14.000 laks er borte.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har opna for og oppmoda til fiske etter laksen i von om å fange inn at ein del av den rømde fisken.

Laksen har ei snittvekt på nesten fem kilo og ivrige fiskarar var i går på jakt etter storlaks både frå båt og kaikant.

Rømminga i Florø er den største på fire år i Sogn og Fjordane og føyer seg til ein dårleg statistikk.

Talet på rømt oppdrettslaks- og aure i år har no passert 680.000. I tillegg til røming i Florø vart det i går også meldt om eit røming på cirka 7000 laks frå eit Fjord Seafood-anlegg i Nordland.

Les også

Siste fra Lokalt

Bergensjente blir Chanels nye ansikt

Den nybakte supermodellen Merethe Hopland (20) kan regne med honorar i millionklassen.

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Slik kom politiet på sporet av vrakene

Ren slump avslørte dumpingplass ved Knarvik. Her er historien bak.

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

- Ulykkene preger folk her ute

To dødsulykker på kort tid i Lindås. Rusede sjåfører skal ha utløst begge - og selv overlevd sammenstøtene.

Fakta/Rømt laks

* 14.000 laks har rømt frå merdane til lakseslakteriet Florø denne uka. Det er den største rømninga i Sogn og Fjordane på fire år. Hittil i år har over 680.000 oppdrettslaks rømt.

* Rømningane er nett no oppdretts-næringa sitt største problem. Regjeringa har oppretta ein eigen kommisjon for å granske rømningane.

* Rømt laks er eit problem av to grunnar. Den kan spreie parasitten lakselus. Og den kan vandre opp i elvane og gyte saman med den ville laksen, slik at arveeigenskapane til dei ville laksestammane vert endra.

Relaterte bilder

FOTO: Jon Holsvik Sørland

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger