Men bøndene i Indre Sogn føler seg ikkje heilt trygge på at rovviltnemnda seier klart ifrå til naturdirektoratet.

– I fjor sende vi 2092 sauer på beite, men 135 av dei kom ikkje tilbake, seier sauebonde Arne Bjørk til Sogn Avis.

– Dersom ikkje direktoratet klarer å felle rovdyra i lisensjakta, blir løysinga proffe jegerar og bruk av helikopter, meiner leiar av den regionale rovviltnemnda Norvall Nøringset.

Regiondirektør i Mattilsynet, Roald Vaage, seier at dersom dei fire jervane ikkje vert avliva før vinteren er omme, kan resultatet bli at sauene ikkje kan sendast til fjells på beite.