Kristensen blei i fjor vår dømt i Sunnhordland heradsrett til 120 dagars fengsel, 90 av dei på vilkår, for bortføring av sine eigne ungar frå barnemora i 1999. Ankesaka kjem opp i Gulating 8. april.

I strid med Barnelova

Kristensen avviser at han gjorde noko ulovleg då han reiste til Danmark og henta heim dei to sønene. Utan hans samtykke, og dermed i strid med Barnelova, hadde ekskona teke med seg gutane ut av Noreg året før. Per Kristensen meiner at han gjenoppretta ein lovleg situasjon ved å bringa borna tilbake.

— Eg reiser til Bergen for å bli frikjent. Men ærleg tala trur eg ikkje rettsapparatet er modent nok til å bruka Barnelova og internasjonale konvensjonar slik dei er skrivne. Dei har ikkje undersøkt saka godt nok, og ikkje lagt vekt på borna sine uttalar og rettar, seier Kristensen.

Filma lensmannsbetjentar

47-åringen frå Halsnøy er identisk med faren som filma lensmannsbetjentar i Kvinnherad som i fjor sommar henta den 12 år gamle sonen med makt tilbake til Danmark etter sommarbesøk.

Per Kristensen er innstilt på å føra saka inn for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Og då må alle rettsmidlar vera prøvde i Noreg.

— Eg følgde opp foreldreansvaret mitt og gjorde plikta mi, seier Per Kristensen om handlemåten sin då han 13.august 1999 henta sine to søner, den gongen åtte og ti år gamle, i Danmark. I fire månader heldt han dei i skjul for ekskona og styresmaktene.

— På denne måten fekk borna erstatta 120 av 160 tapte samversdagar med far som den ulovlege bortføringa til Danmark representerte, seier Kristensen.

KLAR FOR ANKESAK: Kvinnherad-mannen Per Kristensen vart dømt for bortføring av sine eigne born då saka var oppe i heradsretten i fjor. Ankesaka kjem opp i Gulating lagmannsrett 8. april.
ARKIVFOTO: TV 2