GERDFINN EITHUNgerdfinn.eithun@bt.no FørdeMed klar adresse til fylkesleiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet tordna Kjell Opseth mot distriktsopprøret — som har smitta fylket frå Finnmark .- Dei som no reiser opprørsfanene i Finnmark og no her i fylket, stiller i geledd for at staten skal løyse alle problem. Staten kan aldri løyse alle problem, hevda Opseth, og ser lite til norske problemstillingar. - Best i verda - Norge er eit av dei beste landa i verda og vi må leite etter ting å setje fingeren på, hevda den avtroppande stortingsrepresentanten.På eit punkt ga han "opprøret" medhald: - Vi må stogge fråflyttinga frå Sogn og Fjordane, men det hjelper ikkje berre å rope på staten. Stryn er ein av få kommunar i fylket som har vekst i folketalet. Det gjer dei fordi dei har klart å skape nye arbeidsplassar utan å reise krav til staten,- Bruk opprørsfana til å ta utfordringane, skap nytt utan å kreve. Vi må ta utfordringane no elles kjem omstillingane som ein katastrofe, proklamerte Kjell Opseth. Ikkje som Europa Årsmøtedebatten etter innleiinga til Solveig Torsvik vitna om eit Arbeidarparti som gjer alt for å vise eit samla bilete utover. Og innlegget til partiveteranen var ei åtvaring mot å slutte seg til distriktsoppgjeret som effektivt stogga kritikk som kan ramme Arbeidarpartiregjeringa.Med eit unntak: mjølkebonden som utan å nøle slo fast at jordbruket er ferdig dersom ikkje bøndene vert tekne på alvor og får betre vilkår. Vi må ikkje bli som Europa: rope billegare, billegare, billegare!