Det er snakk om eit eingongstilfelle knytt opp mot eit konkret anbod, melder NRK Fylkesnytt.

150 får jobb

— Bedrifta har spurt oss om å dra vår del av lasset i denne prekære situasjonen, seier tillitsvald for Fellesforbundet ved Kleven Florø, Magne Ulvatn. - Klubbstyret har presentert saka for medlemmene utan noko tilråding, og eit stort fleirtal gjekk inn for å avstå 6-7 kroner av timeløna. Føresetnaden er likevel at dei skal få utbetalt denne løna seinare dersom resultatet tilseier det.

Ordretørken har den siste tida vore total for dei to delverfta i Florø og Førde som utgjer Kleven Florø. Verftet kjempar no desperat for å få ombygginga av eit kabelfartøy til eit oljerørleggingskip. Lukkast dei, vil 150 arbeidarar vere sysselsette i to måander neste år.

Prinsipiell motstand

Overfor Bergens Tidende understrekar Ulvatn at protokollen mellom klubben og verftet enno ikkje er underskriven. Han vedgår at meiningane er delte blant dei tilsette, men at situasjonen er slik at dei fleste ser dette som einaste sjansen til å behalde jobben.

— På møtet gav fleire medlemmer beskjed om at dei prinsipielt er imot å akseptere dette, men at situasjonen er slik at det faktisk handlar om å overleve, seier den hovudtillitsvalde ved verftet.

I slutten av november leverer Kleven Florø sin foreløpig siste kjemikalietankar, og frå nyttår er det jamt slutt på arbeidet ved verftet.

- Fortvila situasjon

— Situasjonen er fortvila. Uansett om det skulle skje at vi no fekk kontrakt på eit nybygg, så vil det bli ein lang periode utan arbeid, seier Ulvatn. - Eg veit om familiar der begge misser inntekta si dersom Kleven ikkje klarer seg.

Ifølgje 1. nestleiar i Fellesforbundet, Arve Bakke, er det ikkje første gangen at norske verftsarbeidarar har gått med på lønsreduksjonar for å vinne anbod.

— Personleg hugsar eg at verftsarbeidarar på Aukra gjekk ned i løn for å kapre eit oppdrag i 1984, seier Bakke.

— Fekk dei oppdraget?

— Nei. Men det er fullt mogeleg å gjere det på denne måten. I så fall er det ei sak som må avgjerast på lokalplan, og vi i Felleforbundet vil ikkje ha merknader så lenge ein ikkje går under reglane opm garantert minsteløn. I så fall ville det ha vore tariffstridig, seier Bakke.