— Ferjene er store og i samsvar med kontrakten med Statens vegvesen. Motorane er større enn i dei gamle ferjene, og dette gjer nok at det kan følast som dei bråkar meir. Det er det lite å gjere noko utover det som allereie er gjort, seier driftsleiar Oscar Bergheim.

Fjord1 ønskjer likevel å kome hyttefolk og fastbuande i møte.

— Dei siste dagane har alle kapteinane på dei tre gassferjene vore spesielt nøye med om å halde fartsgrensa på åtte knop. Lågare fart enn dette vil gå ut over styreevna og dermed tryggleiken.

Fjord1 meiner det vil vere naudsynt å la ferjene gå på motorstraum nattetid enn så lenge, men har som mål liggje på landstraum etter kvart.

— Årsaka til at dette ikkje går enno, er usikkerheita med å stenge av for store delar av ferjene no som anlegget er nytt og framleis under innkøyring.

Gassferjer byrja trafikkera Halhjem-Sandvikvåg 1. januar 2007. No har Fjord1 35 avgangar frå Halhjem i døgnet om kvardagane. I tillegg kjem dieselferja til Tide. Den går 15 gonger i døgnet til Våge måndag til fredag.