— Ei samla løysing vil bidra til å sikra Finsesamfunnet sitt vidare liv, seier Trygve K. Norman til Bergens Tidende.

Han eig Finse 1222 saman med brørne Nikolai og Knut. Men NSB sine bygningar på Finse vil han gjerne overta saman med Thorleif Thorleifson og Ola T. Gjørtz. Desse tre har skipa Finse Eiendom AS, og fått med seg Finsebuaren Terje Olsen i styret.

Norman presiserer at handelen ikkje er i orden. Han ventar eit prospekt i mars, og ser ikkje bort frå at det kan bli fleire om bodet.

Folk som i dag leiger hus av NSB på Finse, har overfor Bergens Tidende gitt uttrykk for uro over at ein ny monopolist overtek Finsesamfunnet etter NSB. Det kan gje nye restriksjonar og høgare leigeprisar.

Distriktsjef Jan Roald Myking i Celexa, som forvaltar NSB sine eigedomar, opplyser til Bergens Tidende at det skal haldast eit informasjonsmøte 28. februar for noverande leigetakarar. Dei vil gjerne vita kva konsekvensar det får dersom husa dei har leigeavtale på, skifter eigar.

Det var i november i fjor at kommunikasjondirektør Audun Tjomsland i NSB fortalde til Bergens Tidende at trafikkselskapet hadde bestemt seg for å selja rubbel og bit av bygningane sine på Finse. NSB si primære oppgåve er å køyra tog, ikkje eiga hus, sa han.

Til no har dei som leiger hus av NSB fått førsterett til å kjøpa, så sant prisen er akseptabel. Problemet på Finse er at dei fleste bygningane er knytt til NSB-eigd infrastruktur. Det gjeld både straumforsyning, vatn og kloakk. Ulvik herad har liten interesse av å gjera infrastrukturen kommunal. For NSB er det problematisk å setja ut husa eitt for eitt, og til slutt bli sitjande att med ein tapsbringande infrastruktur. Samla husleiger dekker knapt nok utgiftene i dag.

Den som er mest avhengig av sikker tilførsel av straum og vatn, og at kloakksystemet fungerer, er hotellet.

Trygve Norman seier til Bergens Tidende at Finse Eiendom AS gjerne vil samla alle krefter som vil bringa Finsesamfunnet vidare. Alternativet er «kalde senger» og eit samfunn som forvitrar. Han meiner det ikkje er aktuelt å betala så mykje som 35 millionar kroner, som NSB skal ha antyda, for bygningane.