Det er Kystverket som er eigar av det nedlagte fyret som blei kraftig skadd av stormen for to veker sidan.

Ordførar Helge Andre Njåstad seier at Marstein fyr er eit viktig landemerke for Vestlandet som ligg ved innseglinga til Bergen.

Kommunen ønskjer å skapa aktivitet på fyret og å få med verksemder og private med i ei stifting som skal stå for drifta av fyret.

Ordføraren fekk etter forslag i kommunestyret i går støtte for å kjøpa det nedlagte fyret.