Fredag vart konflikten mellom villaks og oppdrettsnæringa drøfta på eit idèseminar i Leikanger.

Framtida for dei kjende sportsfiskelvane i fylket er dyster, med fiskestopp og restriksjonar for sporstfiskarane over heile fylket.

Fylkesordførar Nils R. Sandal opna seminaret:

— Tross motsetningar og ulike meiningar i dette spørsmålet er det viktig å arbeide målretta og konstruktivt for å berga villaksen. Den er ein av dei aller viktigaste ressursane for fylket vårt sa Sandal.