Solberg kom med forslaget i samband med ein interpellasjon på kommunestyret i går kveld.

Solberg grunngir forslaget med at styret for bruselskapet har vedtatt å innføra Autopass-systemet for innkreving av bompengar.

Solberg seier til Kystradioen at eit slikt system gjer det svært vanskeleg for tilfeldig reisande å koma til Askøy.

Forslaget blei kontant avvist både av ordføraren og lagt død av resten av kommunestyret. Dersom forslaget hadde fått gjennomslag, hadde Solberg også kasta partikollega Agnar Berland som framleis sit i styret for Askøybrua AS.