I Bergen tingrett i går dokumenterte aktor at den 67 år gamle kvinna ei lang rekke gangar er blitt utsett for grov vald. Likevel har ikkje kvinna ønska å melde sonen til politiet, ei heller å forklare seg for retten.

— Vi ser stadig fleire saker der misbrukarar øver grov vald mot sine næraste. Men blod er tjukkare enn vatn, så typisk nok blir dei sjeldan meldt til politiet, seier Einar Drægebø, bistandsadvokat for kvinna.

Vald i årevis

Ifølgje tiltalen skal 36-åringen jamnleg ha utsett mor si for vald frå juni 1996 og fram til han vart rettsleg ilagt besøksforbod 8. mai i fjor. I denne perioden skal sonen ha slått, lugga, sparka, vridd munnen, tatt kvelartak og drive psykisk terror mot mora.

Men sonen nektar all straffeskuld.

— Eg har aldri brukt vald mot mor mi. Men når ho drikk, så blir ho veldig vondskapsfull og skuldar meg for alt mogeleg. Eg er glad i mor mi, og har prøvd å hjelpe henne, var hans forklaring for retten.

Mora er beinskjør, hofteoperert og må bruke gåstol. Ho er underernært og har lett for å falle på grunn av alkoholproblemet, forklarte sonen.

— Og fordi eg er til stades, får eg skulda når ho skadar seg, hevda 36-åringen. - Spørsmålet er heller om ho hadde vore i live i dag utan meg.

Sjølv har han hatt problem med både stoff og alkohol, og er nettopp ferdig med soning av ein dom som omfattar vald mot politiet. Også tidlegare er han dømt for vald.

Ville ikkje vitne

I går kravde aktor, politiadvokat Trond Eide, eitt års fengsel for mannen. Forsvarar Kaj Wigum meiner på si side at bevisa ikkje er gode nok til å dømme mannen, og krev han frifunnen.

Den no 67 år gamle kvinna har blitt sendt til legevakta og innlagt på sjukehus ei lang rekke gangar, og ifølgje journalane har ho fleire gonger fortalt legane at sonen har slått henne, heilt sidan han var i 12-årsalderen.

I retten ønskte forsvararen til 36-åringen, advokat Kaj Wigum, at mora skulle hentast inn til retten for å gje si vitneforklaring. Men bistandsadvokaten hennar, Einar Drægebø, peika på at ho ikkje er helsemessig i stand til å vitne i retten mot sonen, og meinte det ville vere uverdig å hente henne ned til tinghuset.

— Dersom ho må stille her, har ho sagt tydeleg ifrå om at ho vil bruke retten ho har til ikkje å forklare seg mot sonen, sa Drægebø.

Etter ei rådslagning avgjorde deretter tingretten at den 67-årige kvinna ikkje skulle hentast inn for å vitne.

Dermed må dommarane basere seg på den rettslege forklaringa som kvinna gav i dommaravhøyr i september i fjor.

God politi-jobb

I avhøyret, som vart lese opp for retten, forklarer kvinna at ho har blitt slått av sonen ei rekke gonger.

— Når det klikkar for han, kan eg ikkje komme meg unna. Eg må berre ta imot, forklarer kvinna i avhøyret.

Vidare forklarer ho at sonen har knust møblar, truga henne og stole tablettar frå henne. Ho føler at han er ute etter å ta pengane og husværet hennar.

— Eg har følt desse åra som grusomme. Ein må oppleve det for å forstå det, seier ho i dommaravhøyret. - Det er vondt å forklare seg, men godt å få det ut.

Aktor, politiadvokat Trond Eide, sa i retten at politiet har hatt ei lang rekke utrykningar til kvinna si adresse, men at ho aldri har villa politimelde saka. Da ho vart innagt på ortopedisk avdeling på Haukeland sjukehus etter ein episode i mai 2002, vart sonen ilagt besøksforbod. Eit forbod han for øvrig er tiltalt for å ha brote.

— Det er prisverdig at politiet tek opp og køyrer slike saker for retten, sjølv om fornærma ikkje vil melde dei, seier bistandsadvokat Einar Drægebø til Bergens Tidende. - I denne saka har Laksevåg lensmannskontor gjort ein god jobb.