Kommunane har tidlegare år vore med i kampanjen som mellom anna presenterer dei største attraksjonane i Hordaland gjennom annonsar i dei store riksavisene i Noreg og andre publikasjonar, melder Kystradioen.

Administrerande direktør i Hordaland reiseliv, Bjørn Myhren beklager at kommunane uteblir.

— Mangfaldet i reiselivstilbodet vårt blir borte når dei viktigaste kystkommunane uteblir, seier Myhren til Kystradioen.