Etter at planane om storstila vindkraftutbygging i Solund fekk fokus i media sist veke, har fleire unge utflyttarar kontakta kommunen.

Og bodskapen er klar: Dei ønskjer ikkje å vende heim til ein øykommune der svære vindmølleanlegg dominerer landskapet.

Viktig sak for ungdom

Ei av dei som har kontakta Solund kommune, er 18 år gamle Marte Heimdal Leirvåg. Ho går no på vidaregåande skule i Bergen, og var i fleire år leiar for ungdomsrådet i heimkommunen. I tillegg er ho 2. nestleiar i Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

— Eg er veldig sterkt imot dei planane som verserer. Det er veldig brutalt å byggje så mange vindmøller i ein så fantastisk natur som Solund har. Og ein gong i framtida skal alle desse vindturbinane vekk. Korleis kjem landskapet vårt til å sjå ut då, spør 18-åringen. - Landskapet i Solund gjev jo også så mange andre mogelegheiter enn vindmøller, dersom ein skal ha økonomisk nytte av naturen. Over 130 svære vindmøller vil berre øydeleggje.

Vil ha nytt møte

— Kva er di melding til grunneigarar og andre vaksne i Solund som er tilhengarar av ei slik utbygging?

— Det må vere å sjå saka i eit større perspektiv, og ikkje alltid setje det økonomiske fremst, seier Heimdal Leirvåg. - Eg håpar dei kan sjå at saka har fleire sider, ut over det økonomiske her og no.

I brevet til ordføraren viser ho til at folkemøtet førre veke var på ein vekedag, der mange unge som er ute på skule ikkje kunne delta. No ber ho om å arrangere eit møte der den utflytte ungdommen kan delta.

Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad seier at kommunen må ta signala frå ungdommen alvorleg.

— Det er viktig å lytte til ungdommen vår i denne fasen, medan dette enno berre er planar, seier ordføraren.