EYSTEIN RØSSUM

Politiet avslutta etterforskinga før jul, eit arbeid som også støtta seg på undersøkingar gjort av sjøfartsinspektør John Ramsøy i Bergen.

Eitt av dei heilt sentrale spørsmåla var om los Vermund Halhjem kan klandrast og eventuelt straffast for ulykka, som kravde 18 menneskeliv.

Politiets innstilling vart sendt vidare til statsadvokaten i Hordaland. Det er han som skal ta den endelege avgjerda i påtalespørsmålet, og dei meir enn 20 sidene frå politiet er det viktigaste dokumentet statsadvokaten skal byggje på.

— Det einaste naturlege

Både politiet og statsadvokaten har nekta å fortelje kva innstillinga seier. Men Bergens Tidende er kjent med politiets konklusjon: Det finst ikkje grunnar for å straffe los Vermund Halhjem.

Advokat Øystein Horneland, som representer losen, har fått ei munnleg orientering av statsadvokaten om kva politiet har kome fram til.

— Politiets konklusjon er den einaste naturlege, ut frå dei fakta som ligg i denne saka. Det finst ikkje snev av grunnlag for å reise påtale her, seier Horneland.

Tidlegast i mars eller april er det venta at statsadvokat Jarle Golten Smørdal vil ta den endelege avgjerda i påtalespørsmålet. Han må også rådføre seg med riksadvokaten først, fordi ulykka hadde så store konsekvensar.

Påkjenning for losen

Advokat Horneland seier det har vore ei påkjenning for losen å vente i meir enn eit år på å få vite om han risikerer straff.

— Det vil det alltid vere i ei slik sak. Men han føler seg godt behandla både av politi og andre offentlege instansar. Den største påkjenninga har vore enkelte urimelege oppslag i Bergens Tidende, seier Horneland.

Halhjem har vore i fullt arbeid sidan kort tid etter ulykka.

— Alle som har vore med på noko slikt, vil merke det i tida etterpå. Men han klandrar ikkje seg sjølv for det som hende, seier advokat Horneland.

Ammunisjon til rettssak

Politiets konklusjon kan gje ekstra ammunisjon til «Rocknes»-eigarane og forsikringsselskapa:

Dei hevdar at det ikkje var kaptein, los eller reiarlag som var skuld i katastrofen, men derimot Staten. Grunnflaket der «Rocknes» gjekk på i Vatlestraumen var ikkje merka, og heller ikkje markert tydeleg på sjøkartet. Samtidig har ei granskingsgruppe i Sjøfartsdirektoratet slått fast at «Rocknes» var lasta feil, og at dette bidro til at båten gjekk så fort rundt.

«Rocknes»-eigarane tatt ut stemning ved Oslo tingrett mot Staten, for å sleppe å betale rekninga etter oppryddinga på 100 millionar kroner.

Forsikringsselskapet Norwegian Hull Club vurderer også å krevje Staten for reparasjonen av «Rocknes», ei rekning som truleg kjem på over 330 millionar kroner.