Etter at statlege Transnova sist haust gav Osterøy Ferjeselskap sitt pilotprosjekt «Heilt elektrisk» lovnad om 7,3 millionar kroner i støtte, søkte selskapet på ny Hordaland fylkeskommune om eit årleg tilskot på 4,3 milllionar i fem år. Men for andre gong er fylkesrådmannen negativ, og det samme er fleirtalskoalisjonen med Høgre, Frp og Venstre.

— Avstemningen i utvalet endte med sju mot sju stemmar, slik at utvalets leiar Gustav Bahus måtte bruke sin dobbeltrøysta si for å avgjøre, skrier fylket i en pressemelding.

De sju som røysta mot er partiene Frp, Høyre og Venstre. Mindretallet, beståande av Arbeiderpartiet, KrF, SP og SV, røysta for forslaget. Saka skal endeleg avgerdas i fylkesutvalet 31.januar.

- Vi er sterke tilhengjarar av prosjektet, men ser det ikkje som ein god idé å løyva store pengar direkte til eitt bestemt prosjekt utanom etablerte støtteordningar, seier Venstres Alf Helge Greaker, nestleiar i samferdsleutvalet i Hordaland. Utvalet har søknaden frå Osterøy til behandling i dag.

For eitt år sidan avslo Hordaland fylkesutval ein tilsvarande søknad med åtte mot sju røyster. Tilsagnet frå Transnova gir det private ferjeselskapet nytt håp.

- Merkeleg av eit miljøparti

- Eg skjønar at Venstre er i ein koalisjon, men det er merkeleg av eit miljøparti ikkje å støtta prosjektet vårt. Eg er også overraska over at det i fylket ikkje synest å vera noko forplikting overfor den vedtekne miljø- og klimaplanen, seier Ove Normann, prosjektleiar for «Heilt elektrisk». Prosjektet har som mål å skifta ut dieselferja «Ole Bull» med ei heilelektrisk ferje i sambandet Valestrand- Breistein. Normann har blant anna skrive brev til Venstre-leiar Trine Skei Grande i håp om at ho kan påverka sine partifeller i Hordaland.

I Klimaplanen for Hordaland 2010- 2020 har politikarane sett eit mål om å kutta klimagassutsleppa med 30 prosent i høve til 2007-nivået. Transportsektoren står for ein firedel av klimagassutsleppa i Hordaland, som er landets verste utsleppsfylke på grunn av prosessanlegga på Mongstad og Kollsnes.

Ikkje pengar

Konstituert fylkesrådmann Johnny Stiansen gir i innstillinga til samferdsleutvalet honnør til Osterøy-prosjektet som «framtidsretta innanfor miljøvenleg framdriftsteknologi i ferjedrifta og i samsvar med målsetjingane i klimaplanen», men vil ikkje gi støtte.

Fylkesrådmannen grunngir det med at fylket har anbodsvilkåra i ferjerutekontraktane som miljøverkemiddel, og at støtte til batteriprosjektet på Osterøy-ferja opnar for krav om støtte også frå andre ruteoperatørar.

- Er det vilje, så bør det finnast måtar å få dette til på. Vi har ingen plan B, vi har trong for dei i alt 28,8 millionar kronene til dekking av meirutgifter med bygging og testing av pilotferja før vi hentar privat kapital til prosjektet, seier Ove Normann.

- Har eit stort ansvar

Ruth Grung, gruppeleiar i Hordaland Arbeidarparti, seier Ap vil støtta ei løyving til Osterøy Ferjeskap på 21,5 millionar kroner over fem år.

- Hordaland er eit sterkt maritimt fylke og kan posisjonera seg internasjonalt på miljøteknologi basert på rein kraft. Det offentlege har eit stort ansvar for å stimulera til ei slik utvikling, seier Grung. Ho viser til stort potensial for reduserte miljøutslepp i ferjedrifta, og at fleire asiatiske land er offensive på feltet.

- Vi har óg undersøkt med fagmiljøa, som rapporterer om ei radikal utvikling av batteriteknologien. Ap meiner at det er viktig å prioritera batteriferjer, noko som vil gi teknologivinst også for framtidige batteridrivne snøggbåtar, seier Ruth Grung.

- Denne saka handlar ikkje om at vi støttar eit miljøvennleg prosjekt eller ikkje. Men søknaden bør rettast til handlingsplanen i klimaplanen vår og til Innovasjon Norge. Vi må óg sjå på kva nytte Osterøy-­prosjektet kan ha av ferjesambandet Lavik- Oppedal, der staten gir støtte til ei batteriferje, seier Alf Helge Greaker (V).