• Eg er skeptisk til den type lobbyistar som tek oppdrag snart for den eine og snart for den andre. Dei bør ikkje visa seg i Stortinget.

OLAV GARVIK

Det er stortingsrepresentant Olav Akselsen (A) som gir dette klåre rådet. Som leiar i fleire stortingskomitear gjennom åra har han brei røynsle med lobbyistar.

Som tidlegare leiar i energi— og miljøkomiteen, og no i næringskomiteen, har Akselsen til tider vore nedrent av folk i næringslivet som med meir eller mindre hell har freista å påverka han.

Opseth og Grete Knudsen

Akselsen skil skarpt mellom lobbyistar som er fast tilsette i bedrifter og organisasjonar, og den type frittståande lobbyistar som skaffar seg oppdrag for ulike instansar.

Den første type «påverknadsagentar» har han ingenting imot å høyra på. Kaci Kullmann Five, som var fast tilsett i Aker RGI, er eit godt døme i så måte.

— I hennar tilfelle er det heilt ukomplisert for meg. Men hadde ho drive for seg sjølv, ville det ha stilt seg heilt annleis.

— Kjell Opseth må vel i ein slik samanheng vera eit problem?

— Nei, ikkje førebels. Eg har som komiteleiar korkje hatt kontakt med Opseth eller Grete Knudsen etter at dei starta for seg sjølv.

Dårleg førebudd

— Kva haldning har du til politikarar som etablerer seg som frittståande lobbyistar?

— Eg har ikkje noko bastant meining om det. Men folk må ikkje stilla seg slik at dei argumenterer for eit standpunkt som er stikk imot det dei hadde før.

Akselsen fortel at det er sjeldan han møter tidlegare politikarkolleger som er i Stortinget i lobbyistham. Men han reknar med at ein del av dei gir råd til organisasjonar som slepp til med sitt syn i stortingskomitear.

Der skoen trykkjer

Fleire av stortingskomiteane har ein jamn og sterk pågang av folk utanfrå som vil påverka saker i ei bestemt lei. Olav Akselsen har i det store og heile ei positiv haldning til å møta representantar frå nærings- og interesseorganisasjonar, og han grunngir det slik:

— Det er ein nødvendig del av jobben vår som stortingsrepresentantar også å ta imot annan informasjon enn den som berre kjem frå regjeringa. Det løner seg med andre ord å ha kontakt med dei som kjenner kor skoen trykkjer. Derfor lyt eg ha kontakt med NHO, LO, Bondelaget, Norsk Hydro, Statoil og kven det elles måtte vera. Talsmenn for primærnæringane og næringslivet elles er svært aktive, seier Akselsen.

Framtidsplanar

— Har dei hellet med seg?

— Eg lar meg nok påverka. Iallfall over ei viss tid.

— Kan du sjølv tenkja deg ei framtid som frittståande lobbyist når stortingskarrieren er over?

— Nei, eg reknar med at eg vil prøva å få plass i ei privat bedrift, framfor å driva for meg sjølv. Eg passar nok best å vera del av eit større team, seier Akselsen.

SKEPTISK: Olav Akselsen (Ap) har endå ikkje støytt på Kjell Opseth og Grete Knudsen i lobbyistrolla.