av Heidi Ravnestad

I leikebutikken Extra Leker i Åsane står Tina (5) og mor Hilde Blomvågnes. Tina har sett seg ut eit rosa leikeslott. Om det er dette som vil liggje under juletreet er ikkje mor sikker på, men at det ikkje blir mobiltelefon, det veit ho.

— Eg tykkjer borna får mobil alt for tidleg. Dei bør i alle fall vere ti år, meiner ho.

Men det er ikkje alltid lett å seie nei, og Blomvågnes innrømmer at eldstedottera på ni allereie har fått eigen telefon.

— Det er mest for foreldra sin del. Ho bur eit stykke frå venene, og på denne måten kan vi få tak i ho og vite når ho kjem heim.

Namnet er nissen

Bent Lønrusten frå Tynset har vore i nissebransjen i 25 år: For nokre år sidan tok han konsekvensen av dette og tok «Julenissen» som mellomnamn. Før jul får han inn over 1000 ynskjelister frå born over heile landet.

På bakgrunn av desse set han kvart år opp ein offisiell nissestatistikk. Fjorårets listevinnar, mobiltelefonen, har i år stupt i etterspørsel. I år er han nede på ein åttandeplass.

— Eg trur borna får seg ny mobiltelefon elles i året, og ikkje treng å ønskje seg det til jul, meiner Julenissen Lønrusten.

Dag Slettemeås, forskar ved Statens institutt for forbruksforskning (SIFO), har studert bruk av medieteknologi i norske familiar. Han er overraska over at mobiltelefonen enda så langt nede på lista.

— Men born har ei høgare utskiftingstakt enn vaksne. Også for dei er mobilen blitt eit forbruksprodukt, og dei vil ikkje vente til jul før dei får seg ein ny, trur Slettemeås.

Foreldre føler avmakt

Ei oversikt frå Forbrukarombodet viser at 65 prosent av ti- og elleveåringane har eigen mobiltelefon, medan talet ligg på 21 prosent for dei mellom sju og ni år. Trass i eit fall på ynskjelistene, viser tal frå IKT-Norge at 50.000 born vil finne ein ny mobiltelefon under treet i år.

— Mobiltelefon er eit viktig sosialt verkty for barn. Samtidig er det utfordringar knytt til barn og mobilbruk, seier Heidi Arnesen Austlid, prosjektleiar i IKT-Norge.

Dei har no sett i gang eit samarbeid med teleleverandørane om å innføre ei rekke tiltak, som alderskontroll på kjøp av mobiltenester og ei sjølvdeklareringsordning for digitale tenester retta mot barn.

Foreldre skeptisk til fjas

Årets listetopp hjå Tynset-nissen er klassikaren Lego, som tidlegare år har vore ein sikker kandidat på den nedre halvdelen av ynskjelistene.

— Lego brukar å vere sikringskost på gåvefronten, som gjerne supplerer andre gåver, og som borna ofte ikkje set opp på ynskjelista, meiner Julenissen Lønrusten.

Alle reklame er tydelegvis god reklame på gåvefronten.

— My Little Pony, som for få månader sidan var i søkjelyset i samanheng med funn av kreftframkallande middel i leikar, har kome som eit skot opp på andreplass på lista, seier Julenissen Lønrusten.

Bøker, brettspel og ski har vore ynskjelistetaparane dei siste åra. Ragnhild Brusdal, forskar ved SIFO, gjorde for nokre år sidan ei studie av norske born sine ynskjelister. Ho opplevde at det ofte var avvik mellom det borna ynskte seg, og foreldra sine prioriteringslister.

— Foreldre ville helst kjøpe bøker, spel og sportsutstyr. Dei var ikkje begeistra for å kjøpe prinsesseting og det dei ser på som fjas.

Lillebø, Jan M.
bente ljones