Det var ein kritisk psykolograpport som var avgjerande då komité for kultur og helse i går gjekk inn for å seie opp avtalen med rusverninstitusjonen Framnes Kursted.

I dag kjøper fylkeskommunen åtte plassar for rusmisbrukarar. Desse blir sagt opp fra 1.juli i år viss komité for kultur og helse får det som dei vil. Det er fylkesutvalet som tek endeleg avgjerd i saka, 23. mai.

— Eg er skuffa. Det blir tungt å drive vidare no, seier dagleg leiar Ole J. Opkvitne ved Framnes til Bergens Tidende.

Dersom komiteen får det som dei vil, betyr det kroken på døra for rusinstitusjonen.

— Vi tolkar psykolograpporten slik at dei som brukar Framnes får godt stell og god omsorg. Men fylket si oppgåve er å gi spesialiserte tenester til dei som har rusproblem. Framnes oppfyller ikkje dei krava, seier leiar for komité for kultur og helse, Oddvar Johan Jensen.

Det knappe fleirtalet i komiteen ønskjer at dei frigjorde midlane skal brukast på andre prioriterte tiltak, til dømes tvangstiltak for gravide rusmisbrukarar.