— Jerven høyrer til på Vestlandet. Vi får heller tole at han er dårleg til å lese kart og kjem utanfor området sitt, seier sauebonde Ola Kongsvik til Firda.Det er no slått fast at det er jerv som har teke livet av dei tolv sauene som søndag vart funne drepne i eit dalføre ved Myklebust i Jølster.Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane trur ikkje dyret som har slått til i Sunnfjord er det same som har herja saueflokkar i Indre Sogn.Men sjølv om jerven har operert utanfor det som skal vere kjerneområdet for rovdyret, vil ikkje sauebonden søkje fellingsløyve.- Jerven må få lov til å vere her, seier Kongsvik som heller ikkje trur andre bønder i området vil