Gaularfjellsvegen går mellom Sunnfjord og Sogn, og er ein del av den statlege storsatsinga Nasjonale Turistvegar. Arkitektfirmaet Code arkitektur AS vann konkurransen om å utforme utsiktspunktet her med eit bidrag utforma som eit stort, buktande og trekanta betongflak.

«Nytenkende fortolkning (...) i kombinasjon med meget god skulpturell formgivning» og «(...) kan bli arkitektur av internasjonalt format» var blant superlativa frå fagjuryen då dei kåra vinnarutkastet for eitt år sidan.

Hjå fylkesmannens miljøvernavdeling har dei kikka på vinnarteikningane, og der har pipa ein heilt annan lyd: «Vi vil klart rå frå ein stoppestad med eit dominerande signalbygg (...) i dette opne og karakteristiske fjellandskapet», skriv fylkesmiljøvernsjefen, og varslar kjeppar i hjula for ein eventuell reguleringsplan.

— Meir tradisjonelt

Fylkesmannen meiner den spektakulære utsiktsplassen ligg meir til rette for bruk av tradisjonelle løysingar og materialar, og at Vegvesenet heller kan byggje eit utsiktspunkt og ein stoppestad der naturen og landskapet aleine er hovudattraksjonen.

— Miljøvernavdelinga meiner generelt at nye bygg og anlegg i relativt ubygde område i størst mogeleg grad bør underordna seg terrengformene og vere godt tilpassa i landskapet. Dette er ikkje minst viktig i eit storslagent og karakteristisk fjellandskap der Gaularfjellsvegen er det største inngrepet i dag, skriv fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Vigdis Lobenz, leiar for Vegvesenets turistvegprosjekt over Gaularfjellet, har ingen sans for innvendingane frå Fylkesmannen.

— Eg er veldig usamd i vurderingane, seier Lobenz, som er utdanna landskapsarkitekt. - Vi har hatt ein seriøs arkitektkonkurranse med tre prekvalifiserte firma. Her har fagjury og fagråd vurdert alternativa i to omgangar, og som prosjektleiar er eg veldig godt nøgd med vinnarutkastet.

Ikkje nytt areal

Forutan storslegen utsikt og rasteplass på platået 800 m.o.h., var funksjonskrava til prosjektet parkering og snuplass for ti bilar og to bussar.

Lobenz er usamd i at bygget blir for dominerande i naturen.

— Konstruksjonen tek ikkje i bruk noko nytt areal på plassen, ut over det som allereie har vore utbygd på eksisterande rasteplass. Bygget er ikkje mykje synleg nedanfrå dalen. Det går fint an å innordne seg terrenget utan å vere skjult, meiner prosjektleiaren.

Hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane legg Nils Erling Yndesdal vekt på at Norge har slutta seg til den europeiske landskapskonvensjonen som vart ratifisert i 2004.

— Vi har særskilt ansvar for å sjå til at omsynet til landskap blir teke vare på i planlegginga. Dette bygget blir eit markert, nytt element i landskapet. Det må vurderast om ikkje andre natur- og landskapsverdiar må vege tyngre når ein skal byggje eit nytt anlegg, seier Yndesdal.

Han understrekar at dei så langt berre har fått eit varsel om oppstart av planane. Når det etter kvart ligg føre utkast til reguleringsplan for området, vil Fylkesmannen vurdere å kome med motsegn.

— I slike saker er det høg terskel for motsegn. Det skjer som regel berre i strandsonekonfliktar, seier miljøvernsjefen.

Kva meiner du om det planlagde signalbygget på Gaularfjellet?