Utan forvarsel kom Fylkesmannen i Hordaland i slutten av juni med melding til ordførarane i Ullensvang, Odda, Jondal, Etne og Kvinnherad om at planarbeidet for Folgefonna nasjonalpark skal forserast. Blant anna vil Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning slå saman den lokale og sentrale høyringa for å spara tid og for å samkøyre planarbeidet med kraftplanane i Tokheim-prosjektet.

— Vi meiner sterkt at det er eit feil val å samla lokal og sentral høyring, så lenge det ikkje skjer i reell dialog med kommunane, uttalar dei fem Fonna-ordførarane. Dei føler at lokaldemokratiet er sett til side.

— Kommunane får høyra at lokaldemokratiet skal styrkjast, og at verneplanar skal ha lokal forankring. Med det hastverket som no vert lagt for dagen, kan vi ikkje seia at vi føler at vi vert tekne på alvor. Vi meiner kommunane burde fått høve til å koma med merknader før framdriftsplanane vart endra. No får vi berre ei munnleg melding utan overtydande grunngjeving. Reell avklaring av konfliktar og dialog om minnelege løysingar er stort sett fråverande, uttalar ordførarane Amund Enge (Etne), Toralv Mikkelsen (Odda), Einar Lutro (Ullensvang), John Skogseth (Jondal) og Aksel Kloster (Kvinnherad) i eit brev til Miljøverndepartementet.

Ifølgje den tidlegare framdriftsplanen - også den forsert etter ønskje frå Miljøverndepartementet - skulle kommunane ha høyringsfrist til i sommar. Det skulle vera sentral høyring i 2004, kongeleg resolusjon i 2005 og endeleg vern i 2006. Det er denne planen ordførarane ønskjer å halda på.