Sjømannen midt i 50-åra blei sparka saman med resten av mannskapet på ferja mellom Kvinnherad og Os etter rusmisbruk blant offiserane før morgonruta 7. november i fjor. Maskinisten hadde ikkje promille då politiet tok blodprøve på morgonkvisten. Etter eit forhandlingsmøte mellom Maskinistforbundet og HSD i romjula gav rutelaget seg sjølv ein frist til 6. januar med å koma med nye utspel i saka.

Oppseiinga hamnar no etter alt å døma i rettsapparatet, det gjer også oppseiinga av styrmannen på MF «Os».