No krev dei møte med regionvegsjef Ole Christian Torpp i Statens vegvesen for å hindra at trafikantane må betala meirkostnaden gjennom bompengar på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem.

— Me finn det særs beklageleg dersom meirkostnaden med raset skal finansierast innafor ramme for det pågåande opprustingsarbeidet på E39 over Stord, skriv ordførarane i eit brev til regionvegsjefen.

— Det er førebels ikkje bestemt kven som skal betala, men det vil kosta millionar av kroner. Berre ferjeforlenginga til Jektevik er ein stor meirkostnad som no blir belasta prosjektet, seier Astrid Eide, distriktsvegsjef i Statens vegvesen Haugaland og Sunnhordland.

Ho er for tida mest oppteken av å finna ei trygg løysing for vegtraseen på rasstaden nord for Jektevik. - Økonomien får me sjå på etter kvart.

Det er i dag bompengar på ferjestrekka mellom Halhjem og Sandvikvåg, der bilistane og staten betalar 50 prosent kvar. Pengane går til opprusting av E39 over Stord og på sikt skal vegar i Os-området utbetrast.

— Bompengeperioden går ut om seks eller sju år. Skal perioden forlengast, må andre prosjekt utsetjast eller handsamast politisk, seier Eide.

Seinast tysdag skal E39 forbi rasstaden på Stord opnast for trafikk. Den nye traséen er mellombels og blir lagt 25 meter lenger vest.