— Eg vart flygande langsmed fjellveggen i staden for å fly ut frå han, fortel Adrian til Bergens Tidende. Helikopterpiloten frå New Zealand er ved godt mot dagen etter at han vart sitjande på ei snautt ein meter brei fjellhylle i over seks timar.

Ikkje panikk

Han vart ikkje panikkslegen av det mislykka hoppet. Det er 180 graders «feilnavigering» som er fatalt. Varsamt prøvde han å svinga skjermen ut frå fjellveggen og inn på trygg kurs.

Men brått hekta ei av snorene seg i ei bjørk, og slitna. Deretter hekta skjermen seg fast i ein liten bergnabb og ferda bråstogga.

— Eg slo meg nok i hofta då eg vart svinga inn mot fjellveggen, men det kjendest ikkje så veldig vondt ut, fortel han.

Spielberg-stunt

No var gode råd dyre. Men, under over alle under, der han heng og dinglar etterar i fallskjermsnorene ser han ei fjellhylle nøyaktig på høgd med føtene sine. Steven Spielberg kunne ikkje ha planlagt eit betre stunt.

— Eg måtte få litt pendelsving på snorene og meg sjølv for å koma inn på berghylla, og eg var redd for at fallskjermen skulle losna. Men det gjekk fint.

Det vanskelegaste, fortel Adrian, var å få av seg selen. Losna fallskjermen, ville han bli dregen utfor. Han våga ikkje å stå på eitt bein og løfta det andre. Men så nådde han i eit spenne og fekk selen av seg på den måten. No var det berre å venta.

Seks timar på fjellhylle

Han sat tørt innunder eit framspring. Hylla var ikkje brei, men gjekk 90 grader ut frå veggen. Problemet var at ho skrådde sterkt den andre vegen. Han hadde kontakt med Bjørn Magne Bryn i Fallskjermklubben over mobiltelefon, og kunne roa alle som frykta det verste.

— Eg kunne sitja ganske avslappa, men torde aldri heilt sleppa taket i nokre kraftige grastuster som vaks ut av ei sprekke. Kor sterkt dette festet eigentleg var, får eg vel aldri vita, seier han.

Vel seks timar seinare kom Frode Solbakk frå Voss Raftingsenter rapellerande ned til han i eit redningstau.

— Eg sa meg lei for at eg ikkje hadde kaffi å by på, og var veldig glad for å sjå han.

Litt skeptisk

— Tok ventetida hardt på?

— Eg var klar over at dette kunne ta tid. Men eg vart litt skeptisk då det dukka opp eit helikopter og det tok til å mørkna. Som pilot visste eg at helikopteret ikkje kunne få meg ned.

Frode Solbakk seier til Bergens Tidende at redningsaksjonen gjekk greitt, sjølv om det tok litt tid. Han vart løfta til fjells av Sea King-redningshelikopteret ved 21.30-tida. Ei lokal klatregruppe, som tidleg kom til, hadde gjort ein del førehandsarbeid som Solbakk fekk nytte av. Redningstauet var godt forankra då han firte seg ned.

— Problemet var at vi måtte knyta saman to tau for å få nok lengde. Dermed tok det tid å passera knuten når to mann i selar skulle vidare ned frå fjellhylla og ned på bakken, forklarar Solbakk.

Raftingsenteret på Voss er godt utstyrt med redningsutstyr, men det er mest tilpassa redningsaksjonar i elvestryk. Det ideelle måndag, hadde vore å tilkalla den alpine redningsgruppa i Bergen straks, meiner Solbakk.

Ferdig med Buddha

  • Eg skal hoppa fallskjerm att så snart det er praktisk mogeleg, men ikkje frå Buddha. Det fjellet er eg ferdig med, seier Adrian til Bergens Tidende.

Buddha er namnet basehopparar og fjellklatrarar har sett namnet på den loddrette fjellveggen på sørsida av fjellet Nåli ovanfor Horvei ved Bolstadøyri. Den populære klatreveggen er godt synleg frå E16 like vest for Vassendatunnelen.

Newzealendaren har ikkje fått avsmak på fallskjermhopping, heller ikkje basehopping. Det er berre Buddha som heretter er tabu. Og det er viktig å koma i gang att raskt, så ikkje redsla set seg. Berre regnvêret hindra Adrian frå å hoppa fallskjerm att i går. Han skulle filma elevar i sitt første opp, deriblant radioreporter Stig Hernes, som no skal slå seg på TV-underhaldning. Berre Voss sitt lag til NM i formasjonshopping var oppe i går ettermiddag. Blant andre Even Rokne, Kari Traa og eit par av Hegbom-brørne kom dyvåte ned att gjennom eit tjukt skylag.